Omtale
Barseltårer og svingande kjensler er normalt dei fyrste vekene etter fødsel, men 10-15 prosent opplever at dette ikkje slepp taket. Nokre kvinner kjenner seg nedstemt allereie i svangerskapet mens for andre vert det vanskeleg når babyen er født.
Graviditet og barseltid er forbunde med forventning og glede, og nettopp derfor er det ekstra vanskeleg for deg som kjenner på andre og vonde kjensler i denne tida.
Målgruppe
Fjell Kommune vil i samarbeid med DPS tilby samspelsgruppe for mor og barn, der ein tek sikte på å hjelpe deg som strir i barseltida. Dette er eit samarbeid mellom helsesøster, fysioterapeut, psykolog, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar.
Kriterium/vilkår
Gruppa er open for alle kvinner som har født barn siste 24 månadane.