Omtale
Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. (Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar, staten for riksvegane.) Tenesta skal sikre at vegen er framkommeleg, trygg ferdsel og ta vare på miljø- og samfunnsinteresser. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøve ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. Vedlikehaldet kan omfatte feiing og reinhald, fjerning av søppel, klipping av vegetasjon, rydding i kraftsoner, vegoppmerking og skilting, brøyting og strøing om vinteren.
Målgruppe
Alle som brukar kommunale vegar - køyrande, gåande, syklande, osv.
Kriterium/vilkår
Dei som brukar vegane, må halde vegen fri etter dei retningslinene som kommunen gir, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer til vegen. Ein må heller ikkje lagre ting på vegområdet eller langs vegen innanfor byggjegrensefeltet.