Google

Store saker i komitéane 7. juni

På komitémøta på tysdag 7. juni står fleire store saker på sakskarta. Både komité for drift (KD) og komité for finans og forvaltning (KFF) skal ta stilling til skisseprosjekt for ny fleirbrukshall og økonomirapport 1. tertial 2011.

KFF skal også ta stilling til sal av klubbhus og tomteareal i Straume idrettspark. KD skal behandla saka om planprogram og høyringsutkast for kommunedelplan for idrett og fysisk aktivtet. Komité for plan og utvikling (KPU) har ei rekkje større reguleringsplansaker på sakskartet.

Innsparing på 17 mill. i 2011

I saka om økonomirapport 1. tertial skriv rådmannen at det er ein relativt stor ubalanse mellom utgifter og inntekter. Trass i ekstraordinære inntekter som sal av rett til tomt, midlar frå eldremilliarden, ekstrautbetaling frå BKK og god finansavkastning, er rekneskapen for 2010 gjort opp med eit underskot på 7,7 millionar kroner. Utfordringane framover er mellom anna knytt til bortfall av ekstrautbetaling frå BKK, bortfall av kompensasjon for meirverdiavgift på investeringar, ny fleirbrukshall, auka pensjonsutgifter, lønsoppgjer og barnehagereforma.

Dersom ein legg saman underskotet i vedteke budsjett for 2011 på 14,2 millionar kroner og korrigerer dette for forventa meirutgifter og mindreinntekter, vil kommunen stå igjen med eit salderingsbehov på 27,7 millionar kroner. Rådmannen føreslår å henta inn budsjettbalansen i løpet av to år ved å redusera utgiftene med 17, 2millionar kroner i 2011 og 10,4 millionar kroner i 2012.

Denne saka skal opp i både KD og KFF før kommunestyret gjer endeleg vedtak 16. juni.

Ny fleirbrukshall

I april ba formannskapet rådmannen om å arbeida vidare med to alternativ når det gjeld ny fleirbrukshall på Straume. Prosjektgruppa har vurdert to løysingar; eitt alternativ med to speleflater og eitt alternativ med tre speleflater. Alternativet med tre speleflater har ein bruttokostnad på rundt 175 millionar kroner. Dette er 15 millionar kroner mindre enn alternativet med to speleflater.

Dersom kommunen byggjer ut hall med tre speleflater, er Straume Idrettspark, der Sotra Sportsklubb er hovudeigar, villige til å bruka 10 millionar kroner av salssummen av tomt og klubblokale til Danielsen skule. Med dette tilskotet vert netto prosjektkostnaden om lag lik anten ein vél to eller tre speleflater. Det vert også lagt vekt på at det er behov for areal til idrettslege aktivitetar.

Situasjonsplan tre speleflater
Situasjonsplan tre speleflater

Rådmannen har på bakgrunn av dette tvilt seg fram til at den beste løysinga er å byggja ein fleirbrukshall med tre speleflater til ein bruttokostnad til 175 millionar kroner. På denne måten får ein samla alle positive krefter som er ønskt både av idretten og det politiske miljøet.

Brutto investeringskostnad er altså 175 millionar kroner. Til frådrag går momsrefusjon på 35 millionar kroner, salssum for tomt og klubblokale til Danielsen skule på 10 millionar kroner og spelemidlar på 17 millionar kroner. Netto prosjektkostnad vert etter dette 113 millionar kroner. Det vert også arbeidd med å få private aktørar til å forskottera delar av lånebehovet i nokre år. I investeringsbudsjettet er det sett av 100 millionar kroner til ny fleirbrukshall i perioden 2011 - 2014.

Også denne saka står på sakskartet både i KD og KFF og går til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Sal av klubbhus og tomteareal

Rådmannen har forhandla fram ein kjøpekontrakt mellom Fjell kommune, Straume Idrettspark AS og stiftinga Egill Danielsen om tomt og klubblokale på Straume. Verdien på eigedomstransaksjonen er 20 millionar kroner. Rådmannen meiner at partane har kome fram til ein balansert avtale som sikrar alle partane sine interesser. Avtalen fører til at Danielsen skule sikrar sitt behov for snarleg utviding av barnesteget, Straume Idrettspark AS får tilført kapital ved salet og Fjell kommune kan i større grad styra utvidinga av det private skuletilbodet gjennom det privatrettslege avtalen. Skuletilbodet vert gradvis utvida til maksimalt 175 elevar, dvs. eín klasse pr. alderssteg.

Rådmannen går inn for at kommunen godkjenner kjøpekontrakten slik han ligg føre. Også denne saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Andre saker i komité for drift (KD) og komité for finans og forvaltning (KFF)

KD:
- Sluttbehandling av planprogram for kommunedelplan for idrett og
  fysisk aktivitet
- Framlegg til høyringsutkast for kommunedelplan for idrett og
  fysisk aktivitet
- Framlegg til planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2011-
  2015/2020
- Søknad om støtte til SFO frå Danielsen skule, Sotra
- Oppretting av kommunekomité for TV-aksjonen 2011

KFF:
- Årsmelding og rekneskap 2010
- Klage på avslag om søknad om dekking av sakskostnader
- Søknad om salsløyve for alkohol, Spar Ågotnes torg
- Høyring til forskrift om bruk av vannscooter
- Høyring NOU 2010:13: Arbeid for helse

Innkalling og saksdokument kan du lesa her.

KPU: Sjå eiga sak


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
06.06.2011
Sist oppdatert:
21.08.2013
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom