Google

Om kommunen

Sotra bruaFrå storby til storhav på under ein halv time. Fjell kommune, det moderne og pulserande øysamfunnet rett vestom Bergen, omlag 23 500 innbyggjarar, raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume. Arealet på 147 km2 er fordelt på nordre delen av Sotra, Bildøyna, Litlesotra og meir enn 500 store og små øyar, holmar og skjer.

Kommunen har fastlandssamband til Bergen, stor tilflytting og eit ekspansivt næringsliv bygt på olje, teknologi og service. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen.

Vekstkommunen i vest

Rådhuset i Fjell kommuneFjell er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune, og menneske og verksemder trivst og blir verande. Dei kommunale tilboda er der folk bur. Vi har i dag 16 grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring og vidaregåande skule. Våre to tusen barn under seks år kan velja mellom 9 kommunale og nær 30 private heildags- og korttidsbarnehagar. Helse- og omsorgstilbodet omfattar to store legesenter og moderne, lettstelte bustader for den som treng hjelp til det daglege. Eit mangfaldig foreinings- og kulturliv - med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbaner, lokale kulturbygg, kystkultursenter og tre kyrkjer - legg til rette for kulturelle møtestader og sosiale nettverk.

Aktiv fritid

Naturbilete frå SotraNaturen byr på rekreasjon og gode opplevingar, med lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav. Her kan du fiska frå land, dykka og rafta, padla, ro eller segla, vandra i strandkanten eller klatra i bratte fjellsider. I det kuperte terrenget finn du turløyper på kryss og tvers. Nordsjøløypa er rydda og merka gjennom heile kommunen. Har du båt, kan du leggja til mellom holmar og skjær, nyta solnedgangen og den gode stilla… eller du kan leggja frå deg fiskestanga og gå opp Russarstegen ved Gjerdet Kulturminnegard til Museum Vest, Fjell festning, rett opp frå RV 555 ved Fjell gard. På historisk grunn - langs skyttargraver og underjordiske gangar - kan du nyta panoramautsikta over skjergarden. Museum vest har ope i sommarhalvåret, med guida turar inne i det dystre, men fascinerande festningsverket frå siste verdskrigen.

Sotra ArenaI august 2013 tok vi i bruk den nye fleirbrukshallen Sotra Arena. Dette er ein topp moderne hall som mellom anna er lagt til rette for landskampar i handball. Langøymarknaden (Langøy Kystkultursenter) og talrike kystkultur-, idretts- og musikkstemne er trivelege aktivitetar å få med seg. Finn du likevel ikkje det du søkjer, er det berre eit kvarters kjøretid inn til Bergen sentrum.


Publisert:
14.10.2010
Sist oppdatert:
10.02.2014
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom