Aktuelt

  • Løyver åtte tusen til Basecamp

    13.11.2018
    Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok på tysdag å løyva åtte tusen kroner til Basecamp for å dekkja kostnader med å arrangera julebord for ungdomar.
    Les meir
  • Føreslår å venta med å starta arbeidet med samfunnsplan

    13.11.2018
    Prosjektrådmannen meiner at rapportane frå dei fem prosjektgruppene ut på nyåret kan gje viktige premissar til grunnlaget for arbeidet med ein samfunnsplan.
    Les meir
  • Tilrår å godkjenna plan for plasskrevjande handel og detaljvarehandel

    13.11.2018
    Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på tysdag inn for å godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume.
    Les meir
  • Du er ein del av beredskapen i Noreg

    13.11.2018
    Kva gjer du dersom mobilnettet ikkje fungerer, straumen vert borte i fleire dagar og det er vanskeleg å få tak i nødvendige varer? No får du få gode råd om dette. I desember sender Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) ut ein brosjyre til alle husstandane i landet med informasjon om eigenberedskap.
    Les meir
  • Gratulerte Nest-Sotra med kvalikplass

    11.11.2018
    Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gratulerte Nest-Sotra-trenar Steffen Landro med kvalifiseringsplass i OBOS-ligaen (1. divisjon) etter kampslutt i dag. Laget slo Åsane 1-0 i ein jamn kamp som kunne ha vippa begge vegar.
    Les meir
  • Opna rehabilitert symjebasseng

    10.11.2018
    I samband med Fana Sparebank-Medley-stemnet på Ågotnes denne helga kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klippa snora for å markera den rehabiliterte symjehallen på Ågotnes for offisielt opna. - No skal vi trena meir og symja raskare, seier Linnea Solsvik (12) i Vestkantsvømmerne som var eín av 168 deltakarar på stemnet
    Les meir
  • Ønskjer å medverka i bygginga av ny kommune

    09.11.2018
    Både prosjektrådmann Rune Lid og leiar i Norsk Forbund for utviklingshemma (NFU) Sotra er nøgde etter møtet i går.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    09.11.2018
    I vekerapporten for veke 45 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Fagleg nettverk for Alternativ og supplerande kommunikasjon

    09.11.2018
    «Nettverket for Alternativ og supplerande kommunikasjon i barnehage» gjennomførte siste samling før jul torsdag 8. november.
    Les meir
  • Denne veka handlar det om Ågotnes

    08.11.2018
    Desse dagane er det på Ågotnes det skjer. På torsdag var det høgtidleg opning av den fullførde turvegen ved Kvednavatnet. På onsdag gjekk formannskapet inn for å bruka 37 millionar kroner på opprusting av idrettsanlegget på Ågotnes.
    Les meir
  • Gjester fekk sjå resultat av bustadsosialt arbeid

    08.11.2018
    På onsdag denne veka fekk Fjell kommune besøk av Husbanken og to representantar frå Fylkesmannen. Husbanken har årleg møte med kommunen som er ein av 13 kommunar som er med i kommuneprogrammet til Husbanken.
    Les meir
  • Ønskjer å utvikla Ågotnes idrettspark

    08.11.2018
    Formannskapet går inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
    Les meir
  • Tillit er avgjerande for prosessen

    07.11.2018
    På onsdag denne veka var fleire representantar frå fellesnemnda og rådmennene i dei tre kommunane i vest på samling for fellesnemndene i Hordaland og Sogn og fjordane. Tidlegare rådmann i Sandefjord og no kommunerådgjevar i eige firma, Gudrun Grindaker, var tydeleg på at tillit er avgjerande for heile prosessen med å byggja ein ny kommune.
    Les meir
  • Musikkterapi-teamet besøkte Aktiv+

    07.11.2018
    Tysdagane når seniorane er ferdige med den fysiske treninga og har spist litt lunsj, er dei klare for ein time med litt sjeleleg påfyll. Førre tysdag var musikkterapeutane Guri, Camilla og Sandra invitert til å halde eit føredrag. Temaet som stod på programmet var korleis musikk kan gje oss betre helse.
    Les meir
  • Fjell kulturskulekor ønskjer velkomen til Ottesong

    07.11.2018
    Lys, ro og korsong i ei mørk førjulstid.
    Les meir
  • Store planar til behandling i komité for plan og utvikling

    06.11.2018
    Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Grønamyrsvegen, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 13. november behandla saka. KPU skal også gje innstilling i saka om detaljregulering av næringsareal på Smålonane.
    Les meir
  • Frukostmøte: Vekst krev nytenking

    06.11.2018
    Tysdag den 13. november inviterer NAV og Vest Næringsråd (VNR) til frukostmøte i Straume Teknologisenter.
    Les meir
  • Studentar utarbeider forslagsplanar

    05.11.2018
    Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell Sund og Øygarden deltek i eit pilotprosjekt der studentar utarbeider forslagsplanar.
    Les meir
  • Elevar og lærarar frå Tranevågen imponerte i Oslo

    05.11.2018
    I samband med Deep Learning Society sin konferanse i Oslo, var Fjell kommune representerte blant anna med 4 elevar frå Tranevågen ungdomsskule. Under sine innlegg imponerte dei med sine ærlege tankar om korleis dei ser for seg at djupare læring kan skje med og hos elevane både no og i framtida.
    Les meir
  • Her er nye vekerapport

    02.11.2018
    I vekerapporten for veke 44 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Inviterer til den tredje Digg læring-konferansen

    01.11.2018
    For tredje året på rad vert det invitert til Digg læring-konferanse på Knappskog skule. - Allereie no har over 250 meldt seg på til konferansen den 1. februar 2019, seier rektor Odd-Erik Kjeldstad.
    Les meir
  • Fjell kulturskule skal delta i rettleiingsordning

    01.11.2018
    Fjell kulturskule er ein av 58 kulturskular i landet som er teken opp i eit rettleiingsprosjekt i regi av Norsk kulturskoleråd.
    Les meir
  • Mange oppgåver for prosjektgruppene

    01.11.2018
    Arbeidet i alle dei fem prosjektgruppene er i full gang. I prosjektgruppemøta er det teke opp ein del generelle tema, men etter kvart går gruppa inn i oppgåver og tema knytt opp til det enkelte kommunalsjefområde.
    Les meir
  • Føreslår å utvikla Ågotnes idrettspark

    31.10.2018
    Rådmannen går inn for å gjennomføra fleire tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Formannskapet skal gje innstilling i saka den 7. november.
    Les meir
  • Forventar mindre helikopterstøy

    31.10.2018
    Om lag 75 personar hadde funne vegen til kultursalen i Fjell rådhus tysdag kveld. Avinor med lufthamndirektør Aslak Sverdrup i spissen orienterte om arbeidet med nye helikoptertraséar.
    Les meir
  • Velkomen til temakafé

    31.10.2018
    Onsdag 7. november kl 17.00 - 19.00. Nytt lokale: Fjell Seniorsenter, 3. etg. ved Arkaden, Sartor Storsenter.
    Les meir
  • Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

    30.10.2018
    Komité for drift og forvaltning gjekk på møtet tysdag samrøystes inn for å godkjenna at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
    Les meir
  • Byggjer ny rundkøyring: Legg om trafikken på Straume

    30.10.2018
    Denne veka har Fjell kommune starta arbeidet med å byggja rundkøyring ved innkøyringa til Kystbygarasjen på Straume. Frå måndag 12. november vert trafikken på Straume lagd om som følgje av dette. Grønamyrsvegen vert då stengd ved innkøyringa i rundkøyringa.
    Les meir
  • Psykisk Helsedag for ungdomsskulane i Sotra Arena, 25. oktober!

    30.10.2018
    Dette er ei årleg markering for alle ungdomsskuleelevane i kommunen der vi markerer Verdsdagen for psykisk helse. Temaet for verdsdagen i år var Ver Raus! Målet med arrangementet er å markere at vi alle har ei psykisk helse, og å gi ulike vinklingar på korleis ta best mogleg vare på den.
    Les meir
  • Gler seg over utvida og rehabilitert skule

    29.10.2018
    Saman med 250 andre elevar og 45 tilsette kan dei tre elevane Nathalie, Susanne og Tonje hoppa av glede over ein rehabilitert og utvida Landro skule. I dag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy over snora for å markera ei etterlengta offisiell opning på Landro.
    Les meir
  • Kunnskapsdepartementet besøkte Knappskog

    29.10.2018
    Knappskog barnehage og Knappskog skule fekk i dag besøk av statssekretær Rikke Sjøberg med følge frå kunnskapsdepartementet. Ho er i Fjell for å sjå meir på korleis skule og barnehage jobbar saman med læringsmiljøarbeidet gjennom Trygg I Fjell.
    Les meir
  • Første mann heim!

    29.10.2018
    I dag har det blitt arrangert springekonkurranse på Straume Bu og Servicesenter! Bebuarar og tilsette trossa vinterkulda og laina seg opp etter startnummer ute i gården.
    Les meir
  • Rune Lid vert rådmann i Nye Øygarden kommune

    29.10.2018
    Fellesnemnda vedtok i dag å tilsetja Rune Lid (51) som rådmann i Nye Øygarden kommune. Vedtaket vart gjort samrøystes. Rune Lid er i dag prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune og rådmann i Sund.
    Les meir
  • Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

    26.10.2018
    Rådmannen går inn for at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Saka står på sakskartet til komité for drift og forvaltning (KDF) den 30. oktober. KDF skal også behandla budsjettet for 2018.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    26.10.2018
    I vekerapporten for veke 43 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Lokale løysingar kan få nasjonal nytte

    26.10.2018
    Om eitt år legg Helse- og omsorgsdepartementet fram ny nasjonal helse- og sjukehusplan (2020-2023). I dag var ein delegasjon på fem personar frå departementet på besøk i Fjell for å få informasjon om korleis helse- og omsorgsarbeidet er organisert.
    Les meir
  • Seks av ti innvandrarar i Fjell går til arbeid eller utdanning

    25.10.2018
    Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) presenterer no resultatet av introduksjonsprogrammet for nye innvandrarar for 2017.
    Les meir
  • Tilsetjing av rådmann i Nye Øygarden kommune

    25.10.2018
    Fellesnemnda skal på eit ekstraordinært møte den 29. oktober behandla sak om tilsetjing av rådmann for Nye Øygarden kommune.
    Les meir
  • Gler seg til språkreise til Frankrike

    25.10.2018
    Emilie Gjerstad i klasse 10c på Fjell ungdomsskule er ein av 31 elevar som gler seg til ein sju dagar lang studietur til Frankrike tidleg i november.
    Les meir
  • Vil gjera Ungdommens kommunestyre kjent

    24.10.2018
    Ungdomspolitikarane i Fjell er opptekne av å gjera Ungdommens kommunestyre kjent. Dette var tema då UKS drøfta tiltaksplanen på møtet i går.
    Les meir
  • Tilrår å godkjenna plan for Tibben, Trengereid

    24.10.2018
    Komité for plan og utvikling gjekk i går inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
    Les meir
  • Rein hand-premie til Svingen barnehage

    24.10.2018
    Svingen barnehage vant premie for å ha delteke på undervisningsopplegget Ren hånd. Dette gjekk ut på å ha ekstra fokus på god handhygiene.
    Les meir
  • Korleis kan vi skapa endringsvilje?

    22.10.2018
    Juridisk rådgjevar på Arbeidsmiljøsenteret, Hilde Hus Svanevik, stilte mange spørsmål då ho snakka om endring og omstilling på arbeidsverkstaden i Sund i dag.
    Les meir
  • Arbeidsverkstad for den nye kommunen: - Vi er privilegerte!

    22.10.2018
    Prosjektrådmann Rune Lid peika på at medarbeidarane får vera med på noko stort då han ønskte dei 45 deltakarane på arbeidsverkstaden på Panorama Hotell & Resort i Sund velkomen på måndag. På samlinga var leiarar, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og andre administrativt tilsette samla.
    Les meir
  • Stjernestund med Rune Larsen, Helge Nilsen og Per Sævig!

    22.10.2018
    "Å vestland vestland, når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik!". Det rungar i sang og trompetspill allereie klokka 10.15 på ein fredag føremiddag! Det er duka for vestlandsk cafè. Musikkterapeutene Guri og Sandra ønskjer velkommen og får fram den vestlandske patriotismen!
    Les meir
  • Teikn til tale kurs

    22.10.2018
    Fredag 19. oktober var lærlingar i helsefag og rettleiarar og lærlingar i barne/ungdomsarbeidarfaget samla til 6 timars intensivkurs i Teikn Til Tale i Kultursalen.
    Les meir
  • Gler seg over framgang i TV-aksjonen

    21.10.2018
    Innbyggjarane i Fjell gav 53 tusen meir i til TV-aksjonen i bøssene i år enn i fjor. Leiar av komitéen i Fjell, Eli Årdal Berland, gler seg over at det kom inn kr 403 938 kroner i bøssene til Kirkens Bymisjon.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    19.10.2018
    I vekerapporten for veke 42 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Følgjer opp tilsyn på Sotra legevakt

    19.10.2018
    Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med Sotra legevakt. Det vert konkludert med at mykje er på plass, men at det er registrert eitt lovbrot.
    Les meir
  • Sjå video frå den nye gang- og sykkeltunnelen

    19.10.2018
    No kan du gå og sykla tørrskodd mellom Straume Sjøfront og Sartor Storsenter på flat mark.
    Les meir
  • Arbeidet i prosjektgruppene er i gang

    19.10.2018
    Denne veka starta arbeidet i prosjektgruppene i Nye Øygarden kommune.
    Les meir
  • Knappskog skule kursa lærarar og IKT-ansvarlege

    19.10.2018
    Torsdag denne veka var Monica Berntsen og Ingvild Skogestad i Sunnhordland og kursa om lag 50 ressurslærarar og IKT ansvarlege i digital undervisning.
    Les meir
  • Øygardsgenseren - Stem på din favoritt!

    18.10.2018
    Ordførarane ønskjer at den nye storkommunen – Øygarden kommune – skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest. Her finn du informasjon og bilete av dei innsendte forslaga.
    Les meir
  • Prioriterer godt arbeidsmiljø

    18.10.2018
    Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane som skal slå seg saman, har hatt felles samling der ein har hatt fokus på arbeidsmiljø. Det arbeider ein solid gjeng både i Sund , Fjell og Øygarden.
    Les meir
  • Julecup for seniorar

    18.10.2018
    Er du klar for ein uhøgtideleg julecup i bowling og shuffleboard?
    Les meir
  • – Mange oppgåver skal utførast!

    17.10.2018
    Prosjektrådmann Rune Lid møtte 17 hovudtillitsvalde og hovudverneombod på Skjenet på onsdag. På informasjonsmøtet var han tydeleg på at alle involverte står framfor ein kjempejobb og at det er mange oppgåver som skal utførast.
    Les meir
  • 62 har søkt på fire kommunalsjefstillingar

    17.10.2018
    Dei endelege søkjarlistene til dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden er no klare.
    Les meir
  • Plan for Tibben, Trengereid, klar for sluttbehandling

    16.10.2018
    Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Dersom komité for plan og utvikling den 23.oktober tilrår å godkjenna planen, går han til endeleg godkjenning i kommunestyret.
    Les meir
  • Krevjande budsjettsituasjon

    16.10.2018
    Ordførar Marianne Sandahl ønskte i dag kommunestyret velkomen til budsjett- og strategisamling. - 2018 har vore eit krevjande budsjettår, sa ordføraren.
    Les meir
  • Markering av verdsdagen for psykisk helse

    16.10.2018
    «Verdensdagen for psykisk helse» vert markert med fire arrangement i Sund, Fjell og Øygarden kommunar frå måndag 15. til torsdag 18. oktober.
    Les meir
  • Ønskjer du å forstå tenåringen din betre?

    16.10.2018
    Velkomen til rettleiingskurs for ungdomsforeldre! Oppstart onsdag 24. oktober kl. 16.30-18.30.
    Les meir
  • Vurderer oppstart av arbeidet med kommuneplanen

    15.10.2018
    Fellesnemnda vedtok på måndag å be prosjektrådmannen å leggja fram ei sak som vurderer om det er mogleg å starta opp arbeidet med grunnlaget for samfunnsdelen av kommuneplanen.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    12.10.2018
    I vekerapporten for veke 41 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Startar politisk behandling av budsjettet

    10.10.2018
    Tysdag den 16. oktober vert det kalla inn til budsjett- og strategiseminar for kommunestyret.
    Les meir
  • Føreslår oppstart av arbeid med kommuneplan i 2020

    09.10.2018
    Prosjektrådmannen for Nye Øygarden føreslår at arbeidet med ein ny kommuneplan for Nye Øygarden vert starta opp i 2020. Saka står på sakskartet til fellesnemnda den 15. oktober.
    Les meir
  • Drøfta styringsdokument og mandat for prosjektgrupper

    08.10.2018
    Måndag denne veka drøfta overordna styringsgruppe utkast til styringsdokument for den administrative prosjektorganiseringa. Etter drøfting og innspel frå medlemene, slutta styringsgruppa seg til styringsdokumentet.
    Les meir
  • Statsbudsjettet: 1,36 milliardar i frie inntekter til Fjell

    08.10.2018
    Fjell kommune får om lag 1,36 milliardar kroner i frie inntekter i 2019. Dette går fram av framlegget til statsbudsjett som vart presentert i dag. Dette er ein vekst 55,2 millionar kroner frå rekneskapet 2018 til 2019, tilsvarande 4,2 prosent.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    05.10.2018
    I vekerapporten for veke 40 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Opna ny gang- og sykkeltunnel

    05.10.2018
    - Dette er eit viktig steg mot å verta ein sykkelby, og eg håpar at denne tunnelen vert til glede for mange. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho i føremiddag klipte snora for å markera at den nye tunnelen mellom Sartor Storsenter og Straume Sjøfront var offisielt opna.
    Les meir
  • Vaksenopplæringa i vinden

    05.10.2018
    Denne veka har Vaksenopplæringa i Fjell kommune hatt vitjing av fire studentar frå studiet «Interkulturell forståing» på NLA. Studentane har samla data til oppgåva si som omhandlar norskopplæringa sin posisjon i integreringsarbeidet av innvandrar og flyktningar. Dei har observert opplæringa i grupper på alle nivå, og har hatt samtalar med deltakarar, lærarar og rektor, samt tilsette på Kraftsenteret.
    Les meir
  • Overordna styringsgruppe drøftar styringsdokument

    05.10.2018
    Overordna styringsgruppe for Nye Øygarden kommune skal på møtet måndag 8. oktober mellom anna drøfta utkast til styringsdokument for administrativ prosjektorganisering.
    Les meir
  • Det kan verta etablert kulturråd i Nye Øygarden kommune

    03.10.2018
    Onsdag kveld var 40 personar samla på kulturforum på Panorama Hotell & Resort i Sund. Kulturleiarane i dei tre kommunane oppmodar kulturfolket til å etablera eit kulturråd slik til dømes idrettsfolket har organisert seg med idrettsråd.
    Les meir
  • Ny vidaregåande skule vert plassert ved Stovevatnet

    03.10.2018
    Fylkestinget vedtok på tysdag at den nye Sotra vidaregåande skule skal byggjast på tomta ved Stovevatnet i området mellom Fjell rådhus og Sartor Storsenter.
    Les meir
  • Mange vert involverte i arbeidet med å byggja den nye kommunen

    02.10.2018
    På møtet i partssamansett utval (PSU) i dag gav prosjektrådmann Rune Lid oppdatering i arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa av arbeidet med Nye Øygarden kommune.
    Les meir
  • Straume terapibasseng er opna att

    01.10.2018
    Bassenget er i vanleg drift frå i morgon tysdag 2. oktober.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    28.09.2018
    I vekerapporten for veke 39 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • - Aktivitetsdag er kjekt!

    28.09.2018
    Han storkosar seg, Elias Feten Hagenes, på aktivitetsdagen på Ågotnes denne fredagen.
    Les meir
  • Gav klarsignal for utviding av gravplass

    27.09.2018
    Kommunestyret godkjende i dag kostnadsramma på 24 millionar kroner for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje.
    Les meir
  • Spennande gjester og tema på Øygardenkonferansen

    26.09.2018
    Den 29. november vert det invitert til Øygardenkonferansen 2018. Hovudtema er «Framtidskartet vert teikna no», og mellom gjestene er statsråd Monica Mæland og ekspertkommentator Johan Kaggestad.
    Les meir
  • Kraftig nedbør på veg

    25.09.2018
    Det er venta kraftig regn frå seint tysdag kveld fram mot morgontimane onsdag. Meteorologisk institutt melder om at det er venta 60 millimeter nedbør i løpet av seks timar på dei mest utsette stadene i Hordaland og Rogaland.
    Les meir
  • Vilde Knudtsen Indrevik skal leia ungdommens kommunestyre

    25.09.2018
    Ungdommens kommunestyre (UKS) hadde sitt første møte etter ferien i dag og valde leiar og nestleiar. Vilde Knudtsen Indrevik vart leiar, medan Håkon Kjus Finsås vart vald til nestleiar.
    Les meir
  • Sprengjer kabeltunnelar

    25.09.2018
    Som ein del av Sotrasambandet vert høgspentkablane mellom Breivik i Bergen og Litlesotra lagt om. Kablane skal gå i tunnelar og gjennom viaduktane på Sotrabrua.
    Les meir
  • Gjev status for administrativ organisering

    25.09.2018
    Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 2. oktober få informasjon om status og framdrift for administrativ prosjektorganisering.
    Les meir
  • Vest brann- og redningsregion har fått eiga nettside

    25.09.2018
    Vest brann- og redningsregion er eit langsiktig, faglig samarbeid mellom sjølvstendig brannvesen i 16 kommunar i bergensregionen. Hovudformålet med samarbeidet er å skapa ein tryggare kvardag for innbyggjarane gjennom eit formelt og strukturert nettverk for deling av kunnskap og erfaring.
    Les meir
  • Populær ønskekonsert

    24.09.2018
    Fredag 21. september var det duka for “Ønskekonserten” på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og servicesenter!
    Les meir
  • Milla Says fekk etablererpris i Bergen kommune

    22.09.2018
    Etablererprisen i Bergen kommune gjekk dette året til Milla Says. Milla Says er ein del av Gründerparken Vest i Fjell.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    21.09.2018
    I vekerapporten for veke 38 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Open brannstasjon i Sund og Øygarden

    20.09.2018
    Laurdag 22. september inviterer Øygarden brann og redning til open brannstasjon i Skogsskiftet i Sund og Dalsneset brannstasjon i Øygarden.
    Les meir
  • Minneord etter Gudrun Ølnes

    20.09.2018
    I sist veke fekk vi den triste meldinga om at Gudrun Ølnes var død. Gudrun Ølnes vart tilsett i Fjell kommune i 2000 og har vore knytt til Bygg- og eigedomsavdelinga, Teknisk etat og Plan- og utbyggingsavdelinga fram til ho vart sjuk i 2015. Ho var også engasjert av Teknisk etat på 1990-talet.
    Les meir
  • Føreslår å løyva 400 tusen til moglegheitsstudie for havbruksnæringa

    20.09.2018
    Rådmannen føreslår at Fjell kommune løyver 400 tusen kroner til ein moglegheitsstudie for å sikra berekraftig havrom i Nye Øygarden kommune. Kommunestyret skal behandla saka på møtet den 27. september.
    Les meir
  • Markerte Sartor Storsenter som demensvennleg kjøpesenter

    19.09.2018
    I dag overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy diplom til direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, som eit synleg bevis for at senteret er eit demensvennleg kjøpesenter.
    Les meir
  • Sender store vegplanar til offentleg høyring

    18.09.2018
    Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på møtet i dag å leggja planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) ut til offentleg ettersyn.
    Les meir
  • Vil gje klarsignal for å utvida gravplass

    18.09.2018
    Komité for drift og forvaltning (KDF) innstiller på å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
    Les meir
  • Kommunane skal vurdera stønad til Gründerparken Vest

    17.09.2018
    Regionrådet Vest drøfta i dag framtida for Gründerparken Vest. Rådet, som er samansett av dei tre ordførarane i regionen, samla seg om at det snarast må utarbeidast eit detaljert budsjettforslag og underlag frå styringsgruppa i gründerparken for søknad om stønad frå kommunane til vidare drift.
    Les meir
  • 12 har søkt stillinga som rådmann

    17.09.2018
    Det har meldt seg 12 søkjarar til stillinga som rådmann i Nye Øygarden kommune. Fire av søkjarane er kvinner.
    Les meir
  • Invitasjon til kulturforum

    14.09.2018
    Sund, Fjell og Øygarden kommunar inviterer til kulturforum onsdag 3. oktober kl. 17.30 - 19.30 på Panorama Hotell & Resort.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    14.09.2018
    I vekerapporten for veke 37 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Takka av etter teneste i Fjell i 35 år

    14.09.2018
    I går vart det markert at Bjørn Ove Aglen takkar av som lege i Fjell i 35 år. Han starta karrieren sin i Fjell i 1983 på legekontoret på Bildøyna.
    Les meir
  • Haustferiekurs i musikk, dans og drama

    13.09.2018
    Tilbod om kurs for barn frå 4. - 7. klasse i Fjell kommune frå 8. - 12. oktober. Alternativ for dei som er for gamle for å gå på SFO.
    Les meir
  • Undersøking: Innbyggjarane er opptekne av lokal tilhøyrsle

    12.09.2018
    Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferienviser at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen.
    Les meir
  • Opplæring for lærlingar og rettleiarar

    12.09.2018
    Dei første dagane av september har vore prega av opplæring både for lærlingar og rettleiarar.
    Les meir
  • Planar for nord/sør-vegsamband klare for høyring

    11.09.2018
    Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 18. september ta stilling til om planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
    Les meir
  • Føreslår å gje klarsignal for å utvida gravplass på Landro

    11.09.2018
    Rådmannen går inn for å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdivgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Komité for drift og forvaltning skal behandla saka på møtet den 18. september gje innstilling til kommunestyret.
    Les meir
  • Treng svar om byvekstavtale

    11.09.2018
    Formannskapet i Fjell vil ha svar på fleire spørsmål knytt til byvektsavtale for bergensområdet. På møtet i dag vart det vedteke å redusera storleiken på ei referansegruppe som skal vera tett på forhandlingane om byvekstavtalen.
    Les meir
  • Spansk café på Fjell sjukeheim og Straume bu og servicesenter

    11.09.2018
    Fredag 7.september blei opna med allsong for full hals til "Eviva Espana" på "Spansk café"!
    Les meir
  • Gav oppdatert informasjon om Nye Øygarden kommune

    10.09.2018
    Det første møtet i fellesnemnda etter ferien var prega av ei rekkje orienteringar. På møtet i dag vart det også gjort eitt politisk vedtak. Det vart valt ni medlemer til valstyre for Nye Øygarden.
    Les meir
  • 11,6 millionar frå havbruksfondet

    10.09.2018
    Fjell kommune får denne hausten utbetalt 11,6 millionar kroner frå havbruksfondet. Også nabokommunane får utbetalt store summar frå fondet. Totalt betalar fondet ut vel 2,7 milliardar kroner til om lag 160 oppdrettskommunar.
    Les meir
  • Søkjer etter fire kommunalsjefar

    07.09.2018
    I dag vert dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden kommune lyst ut. Søknadsfristen er 10. oktober.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    07.09.2018
    I vekerapporten for veke 36 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Føreslår å auka ramma for startlån

    06.09.2018
    Rådmannen går inn for at Fjell kommune aukar rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Formannskapet tek stilling til forslaget den 11. september.
    Les meir
  • Kulturminnedagane i Fjell

    05.09.2018
    Velkomen til miniseminar og besøk i Olavskyrkja på Fjell torsdag 13. september 2018.
    Les meir
  • Førebur seg til valet i 2019

    05.09.2018
    Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune går inn for at det vert valt eit valstyre på ni medlemer som skal ha hovudansvaret for gjennomføringa av kommunestyrevalet i 2019. Fellesnemnda skal ta stilling til forslaget måndag den 10. september.
    Les meir
  • Ønskte velkomen til 36 nye lærlingar

    04.09.2018
    Det var mange spente ungdomar samla i kultursalen i dag. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var stolt over at det totalt er 80 ungdomar som har lærlingplass i Fjell.
    Les meir
  • Lyser også ut oppvekstsjefstillinga eksternt

    03.09.2018
    Også stillinga som kommunalsjef for oppvekst for Nye Øygarden kommune vert lyst ut eksternt.
    Les meir
  • Engasjerende om skulevegring!

    03.09.2018
    Onsdag vitja to av skandinavias største kapasitetar på skulevegring Fjell kommune. Peter Friberg og Rober Palmér kjem frå Stockholm og jobbar gjennom det private foretaket Mangelungen med elevar med skulevegring. På samlinga var det sentrale personar frå ungdomskulane og PP-tenesta i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som fekk gode råd om kartlegging og tiltak for ei elevgruppe som kan falle heilt utafor viss dei ikkje får hjelp.
    Les meir
  • Reisecaféen «reiser» til Amerika!

    31.08.2018
    Fredag føremiddag var det duka for reisecafé i kantina ved Straume bu og servicesenter og Fjell Sjukeheim!
    Les meir
  • Markerte Verdas overdosedag

    31.08.2018
    I dag, 31. august vart Verdas overdosedag markert på MO-senteret på Straume. Fjell kommune er med i eit prosjekt som gjev senteret høve til å dela ut og gje opplæring i bruk av nasal Nalokson.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    31.08.2018
    I vekerapporten for veke 35 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Vann konkurranse for utvikling av digital plattform

    30.08.2018
    I sist veke vann gründerbedrifta Milla Says, som held til i grunderparken Vest på Straume, 100 tusen kroner for å utvikla ein digital kommunikasjonsplattform. Denne plattforma skal løfta barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å ha ein god kommunikasjon rundt seg.
    Les meir
  • Endeleg er musikkterapi-teamet i gang!

    30.08.2018
    Fjell kommune slo nyleg på stortromma og fleska til med heile to nye musikkterapistillingar i kommunen! Med allereie eksisterande stillingar i kulturskule, og eldreomsorg, er det svært gledeleg at kommunen ynskjer å gje fleire musikkterapitilbod til eldre og menneske med utviklingshemming.
    Les meir
  • Ønskjer å utvida næringsaktivitetane på Døsjø

    28.08.2018
    Sotra Tre og Betong AS ønskjer å utvida aktivitetane på industriområdet på Døsjø. Komité for plan og utvikling vedtok på tysdag å leggja framlegg til detaljregulering for Døsjeneset ut til offentleg ettersyn.
    Les meir
  • Lyser ut tre kommunalsjefstillingar eksternt

    28.08.2018
    Utvalet som fellesnemnda har peika ut til å tilsetja kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune, har hatt samtalar med alle søkjarane. Det er avgjort at tre av stillingane vert lyste ut eksternt.
    Les meir
  • Ågotnes-elevar på seglas

    24.08.2018
    På tysdag var 90 elevar i sjette og sjuande på Ågotnes skule på ro- og segletur. Men også på anna vis fekk dei bolta seg på sjø og land.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    24.08.2018
    I vekerapporten for veke 34 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Besøk frå Stortinget

    23.08.2018
    På onsdag var fraksjonen for Høgre i helse- og omsorgskomitéen på Stortinget besøk i Fjell. Politikarane ville mellom anna sjå lokalmedisinsk senter på Straume.
    Les meir
  • Framleis vekst i folketalet

    22.08.2018
    Ved utgangen juni var det registrert 25 898 innbyggjar i Fjell. Dette er 84 fleire ( + 0,33 prosent) enn ved utangen av mars. For første gong på seks kvartal har folketalet i Øygarden auka.
    Les meir
  • Vann DAB-radio for deltaking i undersøking

    22.08.2018
    Renate Angelvik frå Brattholmen deltok i ei undersøking om bustad- og bumiljø for barne- og ungdomsfamiliar og var ein av to som vann ein DAB-radio for å ha svara på undersøkinga. Den andre vinnaren var Elisabeth Valle frå Meland.
    Les meir
  • Opna storstova i Øygarden

    22.08.2018
    Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden på onsdag. Ordførar Børge Haugetun var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen.
    Les meir
  • Bestillingsbussen hausten 2018

    22.08.2018
    Bussen er tilrettelagt for dei som skal delta på AKTIV+ og TREFF+, men alle som har behov for transport til og/eller frå Sotra Arena tysdagar eller Straume terminal torsdagar kan nytta dette busstilbodet.
    Les meir
  • - Felles idrettsråd vil stå sterkt

    21.08.2018
    Måndag kveld var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd.
    Les meir
  • Klipte snora for nytt idrettsanlegg på Toftøy

    21.08.2018
    Det var eit stort augneblikk for Tindra Risløw og Sebastian Barmen-Johnsen då dei godt assistert av ordførar Børge Haugetun litt etter klokka 12 i dag fekk æra av å klippa snora under den offisielle opninga av Toftøy idrettsbane i Øygarden.
    Les meir
  • Klipp vegen trygg!

    20.08.2018
    I desse dagar er det mange elevar på veg til SFO og skule. Då er det viktig at vegen er trygg. Dermed er det eit godt tips å klippa hekkar, buskar eller tre som har vakse inn mot vegen, fortauet og gang- og sykkelvegen.
    Les meir
  • På epleslang ved Fjell sjukeheim

    20.08.2018
    Etter ein flott sommar fekk vi sist veke smake litt på hausten.
    Les meir
  • Her ny vekerapport

    17.08.2018
    I vekerapporten for veke 33 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Spente elevar og lærarar på første skuledag

    16.08.2018
    Klokka ni i dag kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kjem frå Misje etter at Misje skule no er lagt ned.
    Les meir
  • Vedtaka om nedlegging av skular er gyldige

    15.08.2018
    Etter lovlegkontroll av vedtaka den 7. mai om å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular, slår Fylkesmannen fast at kommunestyrevedtaka er gyldige.
    Les meir
  • Meld deg på trening med bedriftsidretten

    15.08.2018
    Bli Sprekere Bergen & Sotra startar opp nye kurs 3. september på Kolltveit skule.
    Les meir
  • Introdeltakarar på tur

    15.08.2018
    Eit knippe deltakarar frå introduksjonsprogrammet starta veka med tur på Fløyen i finveret måndag. Fleire hadde vore der før, for andre var det ei ny oppleving.
    Les meir
  • 11 har søkt kommunalsjefstillingane

    14.08.2018
    Då fristen for å søkja dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden kommune gjekk ut den 6. august, hadde det meldt seg 11 søkjarar. To av dei har søkt to av stillingane.
    Les meir
  • Mobbeombod for alle barn i Hordaland

    10.08.2018
    Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
    Les meir
  • Kraftig regnver på tysdag

    30.07.2018
    Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på oransje nivå for tysdag den 31. juli. Det det er venta svært kraftige regnbyger/styrtregn om ettermiddagen og kvelden.
    Les meir
  • Ny vekerapport er klar

    13.07.2018
    I vekerapporten for veke 28 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Inviterer til Kystsogevekene

    12.07.2018
    Det er veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen som vert ramma for opninga av Kystsogevekene 2018. Opninga går av stabelen den 4. august. Det heile vert avrunda i september i Rosendal i Kvinnherad.
    Les meir
  • Helsetenester er sentralt i arbeidet med regionsenter

    11.07.2018
    Både i 2017 og 2018 har lokalisering av helsetenester vore tema i forum for regionsenterkommunar. Fjell kommune er ein av ti kommunar i Hordaland med regionsenter. Fjell-ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy, leiar styringsgruppa for forum for regionsenterkommunar.
    Les meir
  • Hagerømlingar – hageplantar som vert miljøproblem

    10.07.2018
    Dei siste åra har kommunen fått fleire e-postar og telefonar om den japanske prydplanten Parkslirekne. Planten spreier seg som «eld i tørt gras» og veks kjempe raskt. Og den er svært vanskeleg å bli kvitt. Forsøk på å bli kvitt planten kan føre til spreiing i stadet.
    Les meir
  • Jamt over god kvalitet på kontrollerte badevatn i Fjell

    09.07.2018
    Helsevernetaten i Bergen har på vegner av Fjell kommune teke vassprøvar i fire vatn i Fjell. Tre av vatna har gode badeforhold, medan det fjerde har mindre godt badevatn.
    Les meir
  • Her er ny vekerapport

    06.07.2018
    I vekerapporten for veke 27 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.
    Les meir
  • Eit tilbakeblikk på det siste halvåret for den nye kommunen

    06.07.2018
    Administrativ organisering, politisk styringsstruktur, omstillingsavtale for tilsette, endring i prosjektleiinga og eigarskapsmodellar er nokre av dei sakene og hendingane som har prega arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune dei seks første månadene i år.
    Les meir
  • Opna utbetra veg på Litlesotra

    05.07.2018
    Torsdag føremiddag vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru er klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for klar til bruk.
    Les meir
  • Opphevar kokevarsel

    03.07.2018
    FjellVAR opphevar kokevarsel for abonnentane på Tellnes.
    Les meir