Facebook ikon Twitter logo Print side

- Aktivitetsdag er kjekt!

Han storkosar seg, Elias Feten Hagenes, på aktivitetsdagen på Ågotnes denne fredagen.

Elias elskar aktivitet med ball.
Elias elskar aktivitet med ball.

- Eg har kasta ball, hoppa og vore i fiskedammen. Sjå her er sprettballen eg fekk i garnet, seier Elias som også ser fram til å bowla seinare på føremiddagen. På fritida trenar han fotball om måndagane på Straume Idrettsplass ved Sotra Arena.

I dag var 35 elevar, inklusive seks elevar frå Sotra vidaregåande skule, på plass på aktivitetsdagen på Ågotnes. Elias storkoste seg også på sykkel rundt Ågotnes idrettsbane saman med barne- og ungdomsarbeidar Ilka Erpola.

- Ilka er grei, og eg fekk stor fart med sykkelen rundt bana. Ilka kræsja med ein annan syklist, men ho skada seg ikkje, seier ein stolt Elias som trivst godt som elev på Hjelteryggen skule. Ikkje minst likar han å skriva på data. Ilka fortel at Elias elskar å skriva historier på datamaskinen.

Som start på aktivitetsdagen ønskte skulesjef Wilhelm Anglevik elevane lukke til . Han minna om at aktivitetar som til dømes sykling gjev god helse. Han underslo likevel ikkje at det vil gjera godt med pølse og brød litt seinare ut på dagen.

- Ingen god sukkeldag utan pølser, sa skulesjefen.

Samarbeider med fleire aktørar

Aktivitetsdagen er eit populært tilbod til elevar med nedsett funksjonsevne. Vernepleiar Mona Strand Bjørkhaug opplyser at det vanlegvis vert invitert til ein slik dag i mai/juni, men dette året vart dagen arrangert om hausten. Elevane får prøva seg med aktivitetar i gymnastikksalen og sykling ute rundt idrettsbana. Assistentane hjelper til slik at aktivitetane vert tilpassa alle deltakarane. Aktivitetsdagen vert gjennomført i samarbeid med ergo- og fysioterapitenesta i Fjell, tre hjelpemiddelfirma og Sotra Turn.

Siri Håland er rektor på Hjelteryggen skule. På hennar skule er det ein spesialklasse med 12 elevar frå forskjellige krinsar i kommunen.

- Dette er eit frivillig tilbod, og eg opplever at det fungerer svært godt. Elevane vert integrerte i skulen, og klassen er strategisk plassert mellom dei andre klasseromma. Elevane frå spesialklassen er med på alle arrangementa på skulen og har friminutt saman med dei andre. Dette gjer noko med heile skulemiljøet, seier Håland.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå aktivitetsdagen:

 

 

 

 

 

 

 


Publisert: 28.09.2018 13:55
Sist endret: 28.09.2018 16:36