Facebook ikon Twitter logo Print side

- Eg er ikkje dum, eg må berre jobba meir!

I dag stod Tord Berntsen i klasse 9d på talarstolen i kantina på Fjell ungdomsskule. Det kosta nok litt å fortelja historia si, men det var også ein siger å få gjort det.

Tord Berntsen talar dei dei andre elevane.
Tord Berntsen talar til dei dei andre elevane.

Vi er på Ted-taletid for fire niandeklassar. Nokre av dei 19 talarane tek opp tema dei er opptekne av. Andre fortel sine eigne sterke historier. Det handlar om boksing, skilsmisse, psykisk helse, homofili, dagens klimautfordringar og mykje meir.

Tord snakka om lese- og skrivevanskar.

- Mange har det utan å vita om det. Eg opplevde at det var vanskeleg å hugsa på småting, og eg sleit med bokstavar og lydar. Det var frustrerande å ikkje få resultat av det eg gjorde. Eg opplevde ikkje den framgangen dei andre hadde i lesing og skriving. Eg hugsar alle gongene eg sat timevis og øvde til diktat vi hadde i engelsk fordi eg ikkje greidde å læra meg orda utenat, fortalde Tord til den lyttande forsamlinga.

Tord sa at han gjerne droppa å gjera leksene som følgje av at han sleit med dette. Han likte å laga historier i hovudet, men han klarte ikkje å gje uttrykk for dei. Men så skjedde det noko. I femte klasse vart det slått fast at han hadde dysleksi.

- Endeleg fann vi ut at eg ikkje er dum. Eg må berre jobba meir, sa Tord og viste til at geni som Albert Einstein også hadde lese- og skrivevanskar.

- Det var godt å få ein grunn

Etter at applausen hadde lagt seg i kantina, fekk vi prata med Tord Berntsen.

- Då dette vart oppdaga i femte klasse, kjende eg kor godt det var å få ein grunn til at eg låg tilbake for dei andre i skriving og lesing. Det var godt å få stadfesta at eg ikkje er dum. Når eg skulle på talarstolen i dag var eg litt nervøs, men etter kvart forsvann nervøsiteten, seier Tord.

Her er halvparten av dei som heldt tale på Fjell ungdomsskule i dag.
Her er halvparten av dei som heldt tale på Fjell ungdomsskule i dag.

Ted Talks er eit amerikansk opplegg, vanlegvis i form av konferansar med fleire korte foredrag. Lærar Jorid Saure opplyser at formålet med Ted-taletid er å gje elevane si eiga stemme.

- Dette er ein fin måte å gje elevane eit møte med autentisk publikum, seier Saure.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 22.02.2019