Facebook ikon Twitter logo Print side

- Kommunane bør ha ansvaret for barneverntenesta

Kommunestyret vedtok på torsdag ein uttale om ein rapport frå eit ekspertutval som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunen.



Kommunestyret støttar i hovudsak innstillinga frå rådmannen, men vedtok nokre endringar og eit tilleggspunkt. I vedtaket heiter det at Fjell kommune støttar overføring av statlege oppgåver til fylkeskommunane, med unntak av ansvaret for barnevern.

- Nye større kommunar, som følgje av kommunereforma, vil ha eit befolkningsgrunnlag som gjer at kommunane kan ta eit heilskapleg ansvar for området. Det vil seia at barnevernsoppgåver som i dag ligg til kommunane framleis vert ivaretekne i kommunen, i tillegg til overføring av Bufetat sitt ansvar for institusjonar og fosterheim, slik at kommunane ivaretek utøving og drift av barneverntenesta, heiter det i uttalen.

Fjell kommune meiner at det bør vurderast å oppretthalda Bufdir som fagdirektorat for det kommunale barnevernet.

Fjell kommune vil framleis oppmoda om overføring av oppgåver til nye større kommunar som til dømes tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar, kollektivtrafikk, fortidsminnevern.

Fjell kommune er vidare kritisk til at fylkeskommunen skal verta tillagt større ansvar for saker innan plan og regulering. Dette vil kunna undergrava rolla kommunane har som planmynde, og det lokale sjølvstyret.

- Dei nye fylkeskommunane må ikkje verta "overkommunar», heiter det i den vedtekne uttalen.

Godkjende plan for barnehage, Skorafjellet

Kommunestyret godkjente detaljreguleringsplan for Skorafjellet barnehage. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for flytting av regulert barnehage.

Planområdet er på om lag 13 dekar og ligg innafor detaljreguleringsplan for Kolltveit Vest. Planen har lege ute til offentleg ettersyn. Det kom inn fire merknader til planframlegget. Som følgje av merknadene, er bustadområdet fjerna frå planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn.

Val av styre

Kommunestyret valde styre for Fjell bustadstifting. Styret er no slik:

  • Gunnar Sulen (H) leiar, personleg varamedlem: Tore Lønøy (H)
  • Elisabeth Vethe (Ap), personleg varamedlem: Anne Hestenes (Ap)
  • Anita Garlid Johannessen (Frp) nestleiar, personleg varamedlem: Eivind Solsvik (Frp)
  • Egil Morland (KrF), personleg varamedlem: Knut Thore Algrøy
  • Benedicte Bjelland (Sotralista), personleg varamedlem: Hege Misje (Sotralista)

Kommunestyret vart halde i Straume Forum
Møtet vart halde i Straume Forum.

Før behandling av sakene, orienterte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy om trafikktiltak på Liltesotra og arbeidet med Nye Øygarden kommune. Ho følgde også opp spørsmål om etisk reglement og ny vidaregåande skule.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 20.04.2018 08:15
Sist endret: 20.04.2018 22:05