Facebook ikon Twitter logo Print side

- Kommunane bør ha ansvaret for barneverntenesta

Kommunestyret skal på møtet den 19. april ta stilling til ein uttale om ein rapport frå eit ekspertutval som har vurdert nye oppgåve til fylkeskommunen.

I framlegget til uttale frå Fjell kommune heiter det at kommunen støttar overføring av statlege oppgåver til fylkeskommunen som vist til i høyringa, med unnatak av barnevern.

Ekspertutvalet har føreslått at Bufetat sitt ansvar for institusjonar og fosterheimar vert overførte frå staten til fylkeskommunen. Utvalet føreslår også at ansvaret frå kommunane til fylkeskommunane vert utgreidd slik at kommunane og staten sitt ansvar vert samla hjå fylkeskommunen.

I utkastet frå Fjell kommune som kommunestyret skal ta stilling til på torsdag, heiter det at nye større kommunar, som følgje av kommunereforma, vil ha eit befolkningsgrunnlag som gjer at kommunen kan ta eit heilskapleg ansvar for området. Det vil seia at barnevernsoppgåver som i dag ligg til kommunane framleis vert ivaretekne i kommunen i tillegg til ansvaret Bufetat har for institusjonar og barneheimar. I utkastet til uttale frå Fjell vert det dermed konkludert med at kommunane ivaretek utøving av drift av barnevernstenesta og at ein kan vurdera å oppretthalda Bufdir som fagdirektorat for det kommunale barnevernet.

Fjell kommune vil framleis oppmoda om å overføra fleire oppgåver til nye større kommunar. Døme på dette er tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar og fortidsminnevern.

Plan for barnehage, Skorafjellet

Kommunestyret skal ta endeleg stilling til detaljreguleringsplan for Skorafjellet barnehage. KPU har gått inn for at detaljreguleringsplan for Skorafjellet, Kolltveit, vert godkjend med dei endringane som kjem fram av saksutgreiinga. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for flytting av regulert barnehage.

Planområdet er på om lag 13 dekar og ligg innafor detaljreguleringsplan for Kolltveit Vest. Planen har lege ute til offentleg ettersyn. Det kom inn fire merknader til planframlegget. Som følgje av merknadene, vert det tilrådd å fjerna bustadområdet frå planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn.

Det skal også veljast fem medlemer med varamedlemer til Fjell bustadstifting.

Møtet i kommunestyret vert denne gongen halde i Straume Forum og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling og saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 13.04.2018 10:08
Sist endret: 13.04.2018 10:18