Facebook ikon Twitter logo Print side

- Thor Hushovd er min favoritt

Nora Krohn i femte klasse på Hjelteryggen skule er ikkje i tvil om kven som er hennar sykkelfavoritt.

Nore Krohn er klar både for sykkelopplæring og Sykkel-VM i september.
Nore Krohn er klar både for sykkelopplæring og Sykkel-VM i september.

- Eg synest Thor Hushovd er flinkast, seier Nora.

Saman med dei 26 andre femteklassingane var det i dag klart for praktisk sykkelopplæring på skuleplassen på Hjelteryggen skule. Gymnastikklærar Sturle Berntsen instruerer dei som skal over eit hinder samansett av ein stor planke vippa over ei stor brusflaske.

- Ikkje bruk for liten fart! Neste gong trør du til! Det er bra, du klarte det! Hugs å bruka handa for å visa kva retning du skal! seier Sturle og kombinerer rettleiinga med positive tilbakemeldingar til dei ivrige elevane. Det vert også gjeve opplæring i korleis sykkelen skal utstyrast med lys, bremsar, lykt og ringeklokke. Gymnastikklæraren passar også på at alle brukar hjelm.

Les meir og sjå fleire bilete på nettsida til Sykkel i Vest.


Publisert: 27.04.2017 13:23
Sist endret: 27.04.2017 13:32