Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi gjer så godt vi kan med dei korta vi har fått utdelt

I dag stod Joakim Valberg Svarstad frå Kolltveit på scena. MO-senteret på Straume markerte at det har vore i drift i tre år. Og for dei mange frammøtte, mellom anna ordføraren, vart det konsert, diktlesing, pølser, kaffi, kaker og ein god prat.

Joakim Valberg Svarstad
Joakim Valberg Svarstad

Joakim snakka om hendene til far sin, store hårete arbeidshender.

- Nei, du har ikkje arbeidshender du, sa dei gamle til meg då eg var liten. Pianohender kalla dei det, og eg hugsa eg ønskte meg for alt i verda at mine hender skulle bli arbeidshender dei og.

Joakim snakka om pianofingrane sine som gleid over skjermen på telefonen. Meistring er ei utfordring for alle. Vi som lytta til orda frå Joakim kan gjera dei til våre:

- Me vi gjer alle så godt vi kan med dei korta vi har fått utdelt. Noko meir kan ingen forlanga av oss, til og med oss med pianohender.

Joakim Svarstad Valberg likar både dikt, musikk og film, og mykje av desse interessene får han realisert på MO-senteret. Til jubileet har MO-senteret gjeve ut CD med den treffande (litt kommunalprega!) tittelen «Ting tar tid». Joakim er forfattar av songen «MOT – Til Magne, Vi savner deg»

- Eg planlegg å gje ut diktsamling, seier Joakim.

Takksame brukarar

Dagleg leiar Kjetil Lohne takka alle dei frammøtte. Malena Grov Ottesen, som skal over i anna stilling, fekk gåve for flott innsats. Johan Klætte Torgersen er allereie på plass som erstattar for Malena.

Lohne prøver å skildra korleis det er å vera på MO-senteret. Det er litt summing i salen då han prøver å få merksemd.

- No prøver eg å få ordet. Det er som vanleg; ingen høyrer på meg likevel, seier Lohne som ser ut til å elska jobben sin. Han fortel at her er det mykje gøy, latter, tårer og ein del heftige kranglar.

Connie Wærdahl
Connie Wærdahl

Brukarane av MO-senteret kan ikkje skryta nok av dette tilbodet.

- Dette er ein suksesshistorie. De gjer ein kjempejobb for oss. Av og til får de oss til å gjera ting me ikkje likar; vi må vera ute når det regnar, seier Bjørn David Aase som også vil gje ros til kommunen for dette tilbodet.

Gjesteartist var Connie Wærdahl, som arbeider i tverrfagleg overdoseteam i Bergen kommune, imponerte med rapping. Stemninga var også på topp då husorkesteret framførte MOT, No kan eg forstå og This is my life.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå jubileet:

 

 

 

 


Sist endret: 01.03.2019