Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi har alle ansvar for miljøet

Saksordførar for handlingsplan for energi, miljø og klima, Odd Valvatne, håpar på god oppslutnad på fagseminaret «Klimatilpassing i eit vestlandsperspektiv» måndag den 8. mai.

Odd Valvatne (Ap) er saksordførar for arbeidet med handlingsplanen.
Odd Valvatne (Ap) er saksordførar for arbeidet med handlingsplanen.

- Vi har alle eit ansvar for miljøet. Dette er det første seminaret i samband med handlingsplanen, og det er her du kan få kunnskap om klimaendringar, seier den engasjerte saksordføraren. Han meiner at alle strandryddingsaksjonane langs kysten er eit døme på flott lokalt miljøengasjement.

Seminaret vert halde i kultursalen i Fjell rådhus måndag 8. mai kl. 09.00-13.00.

Les programmet her.

Send gjerne invitasjonen vidare til samarbeidspartnarar, bedrifter og privatpersonar som ønskjer kunnskap om samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringar, og korleis vi i kystkommunane kan rusta oss for å møta desse endringane.

Påmelding til marit.sigurdson@fjell.kommune.no


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 03.05.2017 11:41
Sist endret: 03.05.2017 11:44