Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi kastar altfor mykje mat!

Tysdag føremiddag er eit bord midt i klasserom 221 på Fjell ungdomsskule fullt opp med matvarer elevane har teke med seg frå kjøkenet heime. Alle varene er datomerka, og alle varene er gått ut på dato. Denne veka markerer dei 520 elevane på skulen berekraftsmåla til FN.

Etter kartlegging av varene, må det avklarast kva matrettar som skal lagast.
Etter kartlegging av varene, må det avklarast kva matrettar som skal lagast.

- Eg hadde med meg mjøl og andre varer for baking. Nokre av varene var stempla med dato som var passert for over eitt år sidan. Eg trur at gjennom denne veka vil vi endra litt på måten vi behandlar mat på, seier ein av elevane, Sunniva Knudsen som saman med dei andre elevane innser at det vert kasta altfor mykje godt etande mat.

I dag var elevane i full gang med å registrera varene og lista opp moglege rettar som kan lagast av varene som alle er gått ut på dato, men likevel heilt trygge å bruka til matlaging ifølgje lærarane Åshild Fedøy, Renate Grimestad og Petter Maaland.

- Eg hadde tenkt at varene som er gått ut på dato skulle kastast. No er eg av ei anna oppfatning. Eg må nok vedgå at eg er litt skeptisk til nokre av varene som skal brukast til matlaginga, men når lærarane seier det er trygt, skal eg eta maten som vert laga, seier Sara Karlsen som arbeider med prosjektet saman med Sunniva Knudsen. Sara vedgår at det er lett å ty til den ferskaste melka som står i kjøleskapet i staden for å ta den som nærmar seg datoen for siste
forbruksdag.

Sunniva Knudsen (til venstre) og Sara Knudsen er i full gang med å planleggja menyen.
Sunniva Knudsen (til venstre) og Sara Knudsen er i full gang med å planleggja menyen.

- Vi får halda oss til prinsippet om best før, men ikkje dårleg etter, seier dei to når dei kikkar på datostemplinga på varene. Alt tyder no på at både elevane i klasserom 221 og andre elevar på ungdomsskulen utover i veka vil nyta nydelege rettar laga på ikkje heilt ferske varer.

Dei seks «C-ane»

Åshild Fedøy og Renate Grimestad forklarar kva som ligg i dei seks «C-ane». Det handlar om kreativitet, samarbeid, kritisk tenking, kommunikasjon, statsborgarskap og karakterdanning.

- Tenk at før i tida var det jo ikkje datostempling. Dei måtte jo klara seg uansett. Kanskje vi skal kutta ut datostemplinga, sa ein av elevane ved starten på denne prosjektveka på Fjell ungdomsskule.

I denne temaveka legg ungdomsskulen vekk alle vanlege fag og klasseinndelingar. Elevane er grupperte i tråd med berekraftsmåla og får erfaringar med dei seks «C-ane». Ein del av elevane reiser til Bergen for å studera vassforsyningar medan andre spelar World peace game. Nokre lagar berekraftig mat i fjæra og besøkjer fiskebåt på Liaskjeret. Det er eit mål om at elevane skal verta sett når dei samarbeider, kommuniserer, skapar handlingar, tenkjer kritisk og kreativt som verdsborgarar. Det er leigd inn filmselskap som skal laga film frå temaveka.

World peace game
World peace game

I eit anna klasserom handlar det om å løysa verdsproblema med spelet World peace game. Erik Aarebrot forklarar at det må lagast eit rammeverk for dette som er realistisk, og dermed har ein trekt inn aktørar som domstol, Verdsbanken og FN.

- Dette skal likna på den verkelege verda. Det handlar om å skapa utvikling som har berekraft der vi mellom anna vert tvinga til å ta harde val. I eit rollespel skal til dømes Verdsbanken utfordrast til å ta utradisjonelle val, seier Aarebrot. Då «verguden» skulle gje bøter for å ha snakka, kome for seint og rørt spelebordet, vart det delt ut kraftige bøter på fleire hundre millionar kroner.

- Her må statsministeren i landa strama opp i kabinetta sine, seier lærar Christian Børmo.

På torsdag klokka 18 vert det ein utandørs minikonsert ved ungdomsskulen før elevane vandrar til Bildenuten der Sotra brannvern tenner ein varde for å markera varslinga til kvarande i verda om å ha fokus på berekraft.

Her er fleire bilete frå markeringa av berekraftsmåla til FN


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 31.10.2017 14:04
Sist endret: 31.10.2017 14:17