Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi ønskjer å dela erfaringar

I dag var ein delegasjon på 37 ordførarar, kommunaldirektørar (rådmenn) og andre i toppadministrasjonen i Region Uppsala på besøk i Fjell. - Det er viktig å dela erfaringar, seier ordførar i Östhammar kommune, Jakob Spangenberg.

Dagleg leiar av Øygarden lokalmedisinske senter Tonje Alvsvåg og leiar av Sotra legevakt,Christin Mork (til høgre) orienterte om tenesttilbodet det lokalmedisinske senteret.  Også prosjektleiar Eirik Milde gav informasjon om bygget.
Dagleg leiar av Øygarden lokalmedisinske senter Tonje Alvsvåg og leiar av Sotra legevakt,Christin Mork (til høgre) orienterte om tenesttilbodet det lokalmedisinske senteret.  Også prosjektleiar Eirik Milde gav informasjon om bygget.

Region Uppsala møtte med politisk og administrativ leiing. Det same gjaldt dei åtte kommunane i regionen. Også Hordaland fylkeskommune var representert på samlinga i Fjell rådhus i dag.

Ein av dei åtte svenske kommunane som var på besøk i dag, var Östhammar kommune. Denne kommunen har 22 tusen innbyggjar og minner om Fjell kommune (og Nye Øygarden kommune) sjølv om det er ein landkommune. Kommunen har kyststripe med oljeindustri som ei av næringane. Ordførar Jakob Spangenberg seier at delegasjonen frå Uppsala gjerne vil ha perspektiv over korleis vi arbeider i våre respektive land.

- Vi kan sjå på likskapar og ulikskapar. Både i Sverige og Noreg har vi sterkt sjølvstyre i kommunane. Det er viktig å delta på slike samlingar for å få erfaringar, seier han. I Sverige er det for tida liten diskusjon om kommunesamanslåing. Det handlar i større grad om interkommunalt samarbeid om til dømes redningsteneste og digitalisering.

Jakob Spangenberg
Jakob Spangenberg

Ny kommune i vest

På samlinga i dag innleia ordførar Marianne Sandahl Bjorøy med å gje informasjon om den nye kommunen her i vest. Ho viste mellom anna til overordna mål i intensjonsavtalen som målet om å verta eit nasjonalt fyrtårn, attraktiv bu- og arbeidsregion og at heile kommunen skal takast i bruk . Ho orienterte også om arbeidet med nytt sotrasamband.

- Det er frustrerande å oppleva utsetjingar og at prosjektet ikkje kjem i gang, sa Sandahl Bjorøy.

Kystbyen

Direktør i Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, og planleggjar Fredrik Barth i Vill urbanisme snakka om å byggja ein kystby. Skålnes viste mellom anna til planane om Regionens Hus.

- Vi skulle gjerne hatt ordførarkontoret i toppen av den bygninga, sa Skålnes. I arbeidet med å byggja byen er det prioritert å byggja bustader. Fem-seks hundre husvære er allereie på plass. Skålnes opplyste at det for tida er to husværekompleks under bygging. Dette vil gje 110 nye husvære.

Region Uppsala møtte opp med ein stor delegasjon.
Region Uppsala møtte opp med ein stor delegasjon

Fredrik Barth sa at det er peika ut eit visjonsområde på 600 dekar for den nye byen.

- Vi ønskjer å flytta fokus vekk frå problemstillinga om å finna gode transportordningar for å frakta folk mellom dette området og Bergen til å skapa eit samfunn der vi blir her ute. Her er mykje bygg, men for lite folk, sa Barth som mellom anna presenterte dei «10 sotraboda». Det tiande bodordet er slik:
- Alle bygg skal gje minst ein urban funksjon tilbake til gata.

Rådmann Steinar Nesse viste til korleis Bergen som storby er omkransa av fire store randkommunar; Nye Øygarden, Alver, Askøy og Bjørnafjorden med totalt 120 tusen innbyggjarar.

- Folkeveksten frå 1990 var ein vilja politikk der bergenspolitikarane innsåg at folkeveksten måtte skje i nabokommunane, sa Nesse.

Han snakka også om korleis Fjell kommune og regionen har arbeidd med å få oss vekk frå «sovekommune»-preget til å skaffa eigne arbeidsplassar innan handel, kommunale arbeidsplassar og olje- og gassindustri. Nesse tok også opp tema som handelslekkasje, sosial infrastruktur og nytt sotrasamband.

Etter samlinga i rådhuset fekk delegasjonen omvising i Straume bu- og servicesenter, Fjell sjukeheim, Straume terapisenter og Øygarden lokalmedisinske senter.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå besøket:

Marianne Sandahl BjorøyThomas SkålnesFredrik BarthSteinar NesseLine Barmen

 

 

 


Sist endret: 04.10.2019