Facebook ikon Twitter logo Print side

- Vi vil låna og læra

I dag fekk Fjell nok eit besøk frå Danmark der helse- og omsorg stod på dagsorden. Denne gongen var det 10 administrative leiarar frå Region Hovedstaden (Stor-København) som etter eit besøk på Haukeland universitetssjukehus tok turen til Fjell for å verta kjent med utviklinga av helse- og omsorgstilbodet i kommunen og resten av regionen.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?



Rådmann Steinar Nesse innleia med å snakka om "dei store linjene".
Rådmann Steinar Nesse innleia med å snakka om "dei store linjene".

- Det er stor omstilling også i Danmark. Gamle skiljelinjer skal vekk, og det vert arbeidd med ei rekkje prosjekt med eit felles mål om at pasienten skal reelt stå i sentrum. Vi arbeider for å få til ein pasientforløp med tett samarbeid og godt samvirke mellom sjukehus og kommune, seier Martin Magelund Rasmussen. Han er direktør for Center for HR i Region Hovedstaden (HR: Human Resources).

Besøk på Haukeland universitetssjukehus

På Haukeland universitetssjukehus gav viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad informasjon om arbeids- og oppgåvefordelinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta i Noreg. Det vart også gjeve informasjon om kommunane si rolle i samband med planlegging og dimensjonering av akuttkapasitet på sjukehusa m.m.

I Fjell fortalde rådmann Steinar Nesse om sentrale utviklingstrekk i Fjell og regionen og om den nye kommunen som skal byggjast her ute. Helsesjef Terje Handal, omosorgssjef Line Barmen og kommuneoverlege Stein-Inge Stigen orienterte om samarbeidsprosjekt i helse og omsorg. Delegasjonane frå Danmark ønskjer vanlegvis inngåande informasjon om fastlegeordninga i Noreg. Det vart også tid til omvising i helselandsbyen på Straume.

Martin Magelund Rasmussen
Martin Magelund Rasmussen

- I denne regionen har de god erfaring med forholdet og samarbeidet mellom sjukehus og kommune. Vi ønskjer å låna og læra så mykje som mogleg, seier Martin Magelund Rasmussen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.01.2017 13:51
Sist endret: 27.01.2017 13:54