Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

Her er rapporten for veke 10. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Fjell vart «Årets kulturkommune i Hordaland»

Litt før klokka 12 på onsdag denne veka kunne Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og kultursjef Lennart Fjell stiga fram til dirigentbordet i Hordaland fylkesting for å ta imot utmerkinga «Årets kulturkommune i Hordaland». Med denne prisen er Fjell kommune også kandidaten frå Hordaland til den nasjonale utmerkinga «Årets kulturkommune».
Les meir.

Vurderer motsegn mot fylkesplan

Formannskapet i Fjell er kritisk til framlegget til «Regional areal- og transportplan for Hordaland 2018-2029. Med seks mot tre røyster (Ap) gjekk formannskapet på onsdag inn for ein uttale føreslått av Tom Georg Indrevik (H) der det heiter at Fjell kommune kan koma til å fremja motsegn mot planen dersom han ikkje vert justert etter høyringa. Innstillinga frå formannskapet går til endeleg behandling i kommunestyret.
Les meir.

Endrar krinsgrensene for ungdomstrinnet

Elevane i Ulveset krins, som i dag går på Fjell ungdomsskule, skal frå hausten av høyra til inntaksområdet til Tranevågen ungdomsskule. Det er klart etter vedtak i komité for drift og forvaltning på tysdag. Elles fordelte komitéen pengar til vegutbetring, kaiar og trafikksikring.
Les meir.

Plan for Nordra Lia, Anglavika, til høyring

Komité for plan og utvikling vedtok denne veka at framlegg til detaljregulering for Nordra Lia, Anglavika, vert lagt ut til offentleg høyring. Planområdet for Nordre Lia er på 17 dekar og ligg på Anglavika, fire kilometer frå regionsenteret Straume.
Komitéen behandla ni klagesaker. Komitéen var på synfaring i fire klagesaker i går (avslag på søknad om dispensasjon). Behandling av desse sakene vart utsett til neste møte.
Les meir.

Får 600 tusen kroner til symjeopplæring

Fylkesmannen har tildelt 600 tusen kroner i symjeopplæring i Vestkantsvømmerne for 2017. Tilskotet skal dekkja kostnader med symjeopplæring for barnehagebarn i Fjell.
- Eg er svært glad for desse midlane. Dette gjev oss høve til å gje symjeopplæring og leggja til rette for at alle femåringane kan verta trygge i vatn før skulestart, seier barnehagesjef Margun Landro.
Les meir.

Internationalt samarbeid, gjennom Erasmus+ prosjekt.

Måndag 20. februar tok Fjell kommune v/barnehagesjefen og Marihøna barnehage imot ein delegasjon på 12 personer frå Belgia, Island og Sverige. Delegasjonen er samarbeidspartnarar med Fjell kommune v/Marihøna barnehage i det europeiske samarbeidsprosjektet: Erasmus+ «This is me under construction».
Les meir.

Bli med på Bli Sterkare Styrke!

Måndagar og/eller onsdagar frå 24. april til 21. juni. Perfekt for deg som ønskjer å kome i gong med styrketrening! Sirkeltrening kor me arbeidar med enkle og effektive øvingar for å styrke kroppens store muskelgrupper og kjernemuskulatur.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (10)

  • 07.03.:  Komitemøte
  • 08.03.: Opning av Cirkle K. Fjell, Statoil
                 Formannskapet
  • 10.03.: Politirådet

 


Publisert: 10.03.2017 14:52
Sist endret: 10.03.2017 15:16