Facebook ikon Twitter logo Print side

11,6 millionar frå havbruksfondet

Fjell kommune får denne hausten utbetalt 11,6 millionar kroner frå havbruksfondet. Også nabokommunane får utbetalt store summar frå fondet. Totalt betalar fondet ut vel 2,7 milliardar kroner til om lag 160 oppdrettskommunar.



Det har vore kjent at havbruksfondet i 2018 skulle betala ut store summar til oppdrettskommunar knytt til sal av nye lakseløyve. Øygarden kommune får 18,8 millionar kroner, medan Sund kommune får utbetalt 10,9 millionar kroner frå havbruksfondet. Dei tre kommunane får dermed totalt utbetalt vel 41 millionar kroner denne hausten.


- Det er svært gledeleg at desse pengane kjem. Vi har ikkje budsjettert med desse midlane. 11,6 millionar kroner kjem godt med i ein krevjande økonomisk situasjon, seier rådmann Steinar Nesse.

Oversynet om kor mykje kvar kommune får vart offentleggjort i dag.  Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) seier at det skal løna seg for kommunane å leggja til rette for laksenæringa.

- Dette er pengar kommunane kan bruka på å utvikla tilbodet til innbyggjarane sine innan kultur, helse, skule, idretten, infrastruktur eller andre område, seier han.

Les meir her. 


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 10.09.2018 15:37
Sist endret: 10.09.2018 15:43