Facebook ikon Twitter logo Print side

1,2 millionar kroner til kulturformål

Komité for drift og forvaltning (KDF) løyvde i dag 563 500 kroner i støtte til kulturformål. På toppen av dette kjem løyvingar på 672 650 kroner som rådmannen har fordelt i delegerte vedtak. Dermed er godt og vel 1,2 millionar kroner fordelt til kulturformål i 2018.

Frå møtet på tysdag
Frå møtet på tysdag. Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt orienterte om status for økonomien etter fire månader.


Dei delegerte vedtaka på om lag 670 tusen kroner er gjennomførte i samsvar med vedtekne retningslinjer. Pengane går til song/musikk/andre, driftstilskot basert på medlemskap i Fjell idrettsråd og tilskot til privateigde idrettsanlegg.

Tilskota vedtekne løyvd av KDF i dag er fordelte slik:

  • Kulturvernmidlar 100 000
  • Privateigde kulturbygg/forsamlingshus 115 000
  • Nærmiljøanlegg 122 000
  • Materiell, utstyr og kompetanseheving 75 000
  • Humanitære organisasjonar 49 500
  • Trivselsmidlar 42 500
  • Prosjekt og arrangementstilskot 60 000

Negativt resultat etter fire månader

Rekneskapen per. 30. april viser eit negativt netto driftsresultat. Kommunestyret har vedteke strukturendringar for skule, men for rekneskapsåret 2018 er innsparingane avgrensa til 1,5 millionar kroner. Rådmannen reknar med at det vil verta svært vanskeleg å oppnå budsjettbalanse i 2018. Fylkesmannen skriv i budsjettskrivet til Fjell kommune at kommunen må budsjettera med eigedomsskatt i 1. tertialrapport. Komité for drift og forvaltning slutta seg til at budsjettet av den grunn vert justert og inntektsført med 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt. Det er også innstilt på å rullera/refinansiera obligasjonslån. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår kommunal garanti til turnhall

Komitéen går inn for at Fjell kommune står som simpel kausjonist ovanfor Kulturdepartementet for 12,4 millionar kroner i statlege midlar til Sotra Sportsklubb i samband med bygging av turnhall i Straume Idrettspark. Garantien vert gjeven under føresetnad av godkjenning frå Fylkesmannen. Garantitida er 20 år. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Samordnar tenester

Til møtet i KDF låg det føre ei orienteringssak om betre samordning mellom tenestene når det gjeld å avdekkja og hjelpa barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar. Saka er forankra i handlingsprogrammet for 2018-2021. I saka vert det gjort greie for bakgrunnen og organiseringa av arbeidet. Fjell, Sund og Øygarden, som skal slå seg saman til Nye Øygarden kommune, er mellom dei fire prosjekta som får støtte frå Difis StimuLab etter første søknadsrunde.

Dei tre kommunane har fått 1,2 millionar kroner til prosjektet. StimuLab er ei ordning som DIFI (direktoratet for offentleg forvaltning) og DOGA (design og arkitektur Norge) forvaltar på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Komitéen tok saka til orientering. Komitéen ber om at rådmannen kjem tilbake med ei sak i løpet av andre halvår i år med status for dei tiltaka som er lista opp under punkt fem i saksutgreiinga.

Legg klimaplan på høyring

Komitéen vedtok å leggja høyringsframlegg til handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020 ut på høyring/offentleg ettersyn i åtte veker. Arbeidet med denne planen starta i 2016. KDF er styringsgruppe, medan Odd Valvatne (Ap) er saksordførar. Denne planen er vidareføring av kommunedelplan for enenergi, miljø og klima 2009-2012, men har eit auka fokus på energibruk, klimagassutslepp og klimatilpassing.

Andre saker i KDF

  • Nye veg- og områdeadresser
    Komitéen vedtok 13 adressenamn i samsvar med tilråding frå rådmannen.

  • Høyringsuttale til rapport: «Inkluderande fellesskap for barn og unge»
    KDF støttar forslaga i rapporten

  • TV-aksjonen 2018
    Komitéen utnemnde kommunekomité for TV-aksjonen 2018. Eli Årdal Berland (H) vert leiar av komitéen. Fjell frivilligsentral skal ha sekretærfunksjonen.Dei andre ressurspersonane er Hilde E. Lohmann Sandal (Ap) frå kommunestyret, Julie Henriette Langum frå Ungdommens kommunestyre (nestleiar er vara), Jens Gunnar Turøy frå Sotra Rotaryklubb, rektor Bente Kleppe Lervik frå Skålevik skule og Kjetil Hansen (Frp). I år går dei innsamla pengane frå TV-aksjonen til Kirkens Bymisjon.

Saka om evaluering av parkeringssituasjonen ved Fjell rådhus og Straume helsesenter vart utsett.

Leiar Julie Henriette Langum og nestleiar  Marius Brakstad orienterte om arbeidet i Ungdommens kommunestyre.
Leiar Julie Henriette Langum og nestleiar  Marius Brakstad orienterte om arbeidet i Ungdommens kommunestyre. På møtet i KDF var det også orientering om utviklinga innanfor demensomsorga, kulturminneplanen og om miljøterapeutar i skulen i Fjell.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 


Publisert: 05.06.2018 21:24
Sist endret: 05.06.2018 21:37