Facebook ikon Twitter logo Print side

1,25 mill. til satsing mot barnefattigdom

Fylkesmannen har tildelt 1,25 millionar kroner til Fjell kommune til satsing mot barnefattigdom for 2017.

Fjell kommune er valt ut til å ta del i satsinga mot barnefattigdom, og det har ført til at kommunen både i 2014 og 2015 fekk midlar til dette. I november/desember 2016 gjennomførte kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane. Undersøkinga er gjort i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Uni Research (forskingsinstitutt). Ein førebels rapport om resultata låg føre tidlegare i vår.

I tildelingsbrevet skriv Fylkesmannen at han ønskjer at kommunane som er valt ut til å delta i satsinga mot barnefattigdom skal arbeida fram lokale løysingar som skal gjera kvardagen og framtida lettare for dei barna det gjeld.  

Innsatsen frå kommunen skal vera minst tilsvarande omfanget som skjønsmidlane gjer. Satsinga skal inngå i den ordinære kommunale verksemda med vekt på kartlegging, planlegging, kompentanseheving og tiltak. 

Her kan du lesa tildelingsbrevet frå Fylkesmannen.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 06.06.2017 23:05
Sist endret: 06.06.2017 23:07