Facebook ikon Twitter logo Print side

1,5 millionar ekstra til ekspressruter Sotra-Bergen

Fylkesutvalet går inn for å setja av 1,5 millionar kroner til fleire ekspressruter mellom Sotra og Bergen. Totalt vert samferdslebudsjettet auka med 44 millionar kroner. Til fleire ruter med buss og båt vert budsjettet totalt auka med 10 millionar kroner.

Fylkeskommunen prioriterer fleire bussruter mellom Sotra og Bergen.
Fylkeskommunen prioriterer fleire bussruter mellom Sotra og Bergen.

Det er fleirtalet samansett av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, KrF og SV som står bak fleirtalsframlegget. Det er også sett av ekstra pengar til fleire ruter i Nordhordland, to millionar kroner i Sundhordland, Hardanger og Voss og
fem millionar kroner meir til ruter i Bergen.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, gler seg over at fylkespolitikarane har funne ekstrapengar til fleire bussruter mellom Sotra og Bergen.

- Dette kjem heile regionen vår til gode. Vi har i haust hatt fleire møte med fylkeskommunen og særleg peika på behovet for ekspressruter mellom Sotra og Fyllingsdalen, Kokstad og Sandsli. Eg har forventing til at vi vert lytta til og at vi på den
måten kan få eit ruteopplegg som større grad samsvarar med behovet til dei reisande, seier Sandahl Bjorøy.

Konsekvensen av fylkesbudsjettet er også at talet på takstsonar vert redusert frå 470 til sju. I dag er det ulik takst for dei som reiser frå Straume og Ågotnes. Det er ordføraren glad for.

- Eg forstår det slik at dermed vil til dømes også reisande frå Ågotnes-området frå neste år av få minstetakst, seier ordføraren.

I fleirtalsframlegget frå fylkesutvalet heiter det også at det vert gjennomført takstfrys for ungdomskortet og for periodekort for barn. Ordninga med utviding av ungdomskortet for ungdom mellom 20 og 21 år vert vidareført.

Den 12. - 13. desember vedtek fylkestinget det endelege budsjettet for Hordaland fylkeskommune.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 24.11.2017 09:01
Sist endret: 24.11.2017 09:48