Facebook ikon Twitter logo Print side

18 kommunar har sagt ja til brannvernsamarbeid

Så langt har 18 av 32 kommunar sagt ja til å delta i etableringa av Vest brann- og redningsregion. Dette vart opplyst på onsdag då statsetatane i regi av Fylkesmannen møtte kommunane til den årlege samlinga på Solstrand i Os. Regionen vår var representert ved ordførarane og rådmennene i dei tre kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden.

Leiar av styringsgruppa for brannvernsamarbeidet, Kari-Anne Landro og leiar i interimsstyret Robert Rastad.
Leiar av styringsgruppa for brannvernsamarbeidet, Kari-Anne Landro, og leiar i interimsstyret Robert Rastad.

- Vedtaka frå kommunane tikkar inn jamt og trutt. Bergensalliansen har konkludert med at det er grunnlag for å gå vidare med dette samarbeidet, og Bergensalliansen har fått fullmakt til å danna interimsstyre, sa leiar for styringsgruppa, Sund-ordførar Kari-Anne Landro, då ho saman med kommunaldirektør i Bergen, Robert Rastad, presenterte status for brannvernsamarbeidet. Rastad er valt til leiar av interimsstyret. I styret sit også rådmann i Øygarden, Siri Fahlvik Pettersen.

Arbeidet med brannvernsamarbeid starta med ein moglegheitsstudie i 2015. Hovuddokumentet «En tryggere hverdag» vart presentert i 2016. Alle dei 32 aktuelle kommunane har ifølgje Landro på eitt eller anna nivå vore involverte i arbeidet. Saksgrunnlaget vart sendt til kommunane i april 2017. Kommunane som samarbeider om dette, er kommunane i Hordaland minus Sveio og Etne. I tillegg kjem Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Robert Rastad opplyste at 18 kommunar (mellom anna Sund, Fjell og Øygarden) så langt har vedteke å vera med i samarbeidet. Fem kommunar har sagt nei, medan ein ventar svar frå dei 11 siste. Rastad understreka at det sentrale med samarbeidet er å byggja kompetansesentra i heile regionen. Det kan byggjast opp god kompetanse på førebyggjande arbeid i heile regionen. Han nemnde eksempelvis at det er bygd opp eit flott dykkarmiljø i Os.

Rastad retta takk til både Fylkesmannen og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap for støtte til samarbeidsprosjektet. Målet er å leggja fram forslag til etablering av redningsregionen i februar/mars og at samarbeidet er formelt etablert i løpet av første halvår 2018.

Innleiing ved Lars Sponheim

Tradisjon tru var det innleiing ved fylkesmann Lars Sponheim. Han snakka om status for kommunereforma, fylkesmannsreforma, rådmannsundersøkinga og byvektsavtalane.

13 kommunar i Hordaland vert fem kommunar frå 2020. Reforma held fram som ei «frivilligheitsreform», men fylkesmannen sa også at det er utfordringar når det gjeld kommunereforma.

- Eg appellerer til å snakka om utfordringane. Dersom det er behov for samtalepartnar, er vi på tilbodssida dersom de tek initiativ til det. Regjeringa har varsla at det til våren vert presentert verkemidlar knytt til kommunereforma, sa Sponheim.

Sponheim viste til ei undersøking blant rådmennene i Rogland, Hordaland og Sogn og Fjordane. 93 prosent av rådmennene seier at Fylkesmannen er den viktigaste statsetaten for kommunane. På dei neste plassane følgjer Statens vegvesen (76 prosent) og helseføretaka (39 prosent). Det viktigaste forbetringspunktet i den regionale forvaltninga er meir vekt på ansvarsbasert forvaltning og mindre kontroll, tilsyn og rapportering.

Fylkesmann Lars Sponheim
Lars Sponheim

Vestlandet

Anne Gine Hestetun er tilbake i fylkesordførarstolen etter sjukepermisjon. Ho takka for all støtte og helsingar. På fredag i sist veke var ho med på markeringa av at Hordaland og Sogn og Fjordane vert eitt fylke/region frå 2020 med namnet Vestlandet.

- De tykkjer kanskje det er ein floskel, men her handlar det om at by og land går hand i hand sa, Hestetun som også tok seg tid til å seia litt om namnet Vestlandet som har blussa opp som debattema dei siste dagane.

Byggjer ned flyktningmottak 

Tidlegare rådmann i Sund, regiondirektør Stig Arne Thune i Utlendingsdirektoratet region vest, snakka om utfordringar ved omfattande endringar i asylsituasjonen. Han rosa kommunane for å ta eit stort ansvar då det kom mange flyktningar til landet i 2015. Men situasjonen er radikalt endra i løpet av dei to siste åra.

Stengde grenser fører til at det kjem færre flyktningar til landet. Mottak vert lagt ned. Døme på dette er at flyktningmottaket i Sund vart lagt ned 31. juli i år.

- Dette rammar mange, først og fremst brukarane. Men kommunane mistar vertskommunetilskotet, og mange kommunar mistar oppbygd kompetanse, sa Thune.

Han viste mellom anna til Sund-ordførar Kari-Anne Landro som seier at mottak over tid gjev meirverdi for samfunnet, lag og organisasjonar og for næringslivet.

- Det er mykje positivt, men samstundes går det svært fort frå beskjed om nedlegging til det vert ein realitet. Dette krev omstilling for kommunen, seier Sund-ordføraren.

Leiar av styringsgruppa for brannvernsamarbeidet, Kari-Anne Landro og leiar i interimsstyret Robert Rastad..
Stig Arne Thune i samtale med Bømlo-rådmann Geir Aga.  

Thune viste til fleire tiltak som vert gjennomførte etter møte med dei aktuelle kommunane.

- Det er berre gjennom tverretatleg og tverrfagleg samarbeid vi får resultat, sa Thune som avslutning på innlegget sitt.

På den første dagen på samlinga på Solstrand var det også orientering om refleksjonar etter kommunereforma frå fleire regionråd i fylket.


Tekst og foto: Vigleik Brekke  

 


Publisert: 02.11.2017 00:53
Sist endret: 02.11.2017 01:04