Facebook ikon Twitter logo Print side

21 kommunar har tilbod for pårørande til demente

Fleire kommunar i Hordaland enn før tilbyr pårørandeskule eller samtalegrupper for dei pårørande til personar som har demensdiagnose.

Illustrasjon

21 kommunar hadde dette tilbodet per 30. april 2017, mot 15 hausten før. Fjell, Sund og Øygarden er mellom dei kommunane som har tilbod om dette. Ein del av kommunane samarbeider om tilbod til pårørande.

100 fleire tilsette med opplæring

Nær 2900 tilsette i helse- og omsorgstenestene har gjennomført opplæring i "Demensomsorgens ABC" eller "Eldreomsorgens ABC" frå 2010 til utgangen av april 2017. Det er omlag 100 fleire enn ved førre rapportering hausten 2016.

22 kommunar i Hordaland har dagaktivitetstilbod for personar med demensdiagnose. Per 30. april var det 215 heile plassar i dagtilbod.

Les meir på nettsida til Fylkesmannen i Hordaland.

 


Publisert: 05.07.2017 14:04
Sist endret: 05.07.2017 14:07