Facebook ikon Twitter logo Print side

25 mill. i minus etter fire månader

Rekneskapen for Fjell kommune etter drift i fire månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 25 millionar kroner. Dette er om lag 10 millionar kroner svakare enn på same tid i fjor. Formannskapet behandlar økonomirapport 1. tertial og fleire andre saker den 7. juni.

Illustrasjon

Grunnen til at resultatet er svakare enn på samme tid i fjor, er mellom anna svikt i dei frie inntektene på seks millionar kroner. Brutto skatteinngang utgjer 95 prosent av gjennomsnittet for landet. Medan dei frie inntektene auka med om lag 60 millionar kroner i åra 2014 til 2016, auka dei frie inntektene med 30 millionar kroner frå 2016 til 2017.

På utgiftssida er det auka utgifter knytt til kjøp av tenester til barnevern og tilskot til livsopphald og bustad (NAV). Etter måten høg arbeidsløyse i Fjell på 4,5 prosent (3,3 prosent i Hordaland og 2,8 prosent på landsbasis) gjev lågare skatteinntekter og høgare utgifter til sosialhjelp.

Rådmannen har sett i gang innsparingstiltak som stopp i oppretting av nye stillingar, vakansar, reduksjon i vikarbruk og reduserte innkjøp. Av lyspunkt kan nemnast at arbeidsløysa er noko lågare no enn i januar og at folketalet har auka med 105 innbyggjarar 1. kvartal 2017. Det er særleg talet på fødde barn som har vakse det første kvartalet.

Rådmannen meiner det er mogleg å koma ut i balanse til årsskfitet, men han ser ikkje for seg noko overskot slik det har vore dei siste åra. I framlegget til vedtak er vidare opptrapping av midlar til drift av lokalmedisinsk senter sett på vent for 2017. Det er også forslag om å endra disponeringa av vedlikehaldsmidlar. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Modellar for utbyggingsavtalar

I eit framlegg om prinsippvedtak føreslår rådmannen at Fjell kommune tek i bruk justeringsmodellen der dette er tenleg. Justeringsmodellen inneber at kommunen over ein 10-årsperiode kan få kompensert meirverdiavgifta som private utbyggjarar har lagt ut ved bygging av kommunale anlegg. Kommunen inngår avtale med utbyggjar om overføringa av meirverdiavgifta som kommunen får kompensert. Etter at kommunen har fått refundert meirverdiavgift frå staten, kan avgifta vidarebetalast heilt eller delvis til den aktuelle utbyggjaren.

Når det gjeld retningslinjene for bruk av utbyggingsavtalar, føreslår rådmannen at dei vert supplerte med eit nytt punkt slik at det kan avtalast at kommunen eller andre skal ha fortrinnsrette til å kjøpa eit tal bustader til marknadspris. Det er også føreslått å godkjenna bruk av fondsmodell i utbyggingsavtalar for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde og at det vert opna for kommunal forskotering. Saka har lege ut til offentleg ettersyn i 30 dagar, og er no klar for sluttbehandling. Kommunestyret avgjer saka.

Andre saker i formannskapet den 7. juni

• Invitasjon til å delta i etablering av Vest brann- og redningsregion
• Startlån - søknad om ekstra midlar for utlån 2017
• Plan for gjennomføring av sykkel-VM 2017
• Sluttbehandling: Lokal forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn for Fjell
  kommune
• Sluttbehandling: lokal forskrift om fartsavgrensing i sjø i Fjell kommune
• Høyring - Regional plan for kompetanse og arbeidskraft
• Ny behandling; Endring i Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Fjell kommune
• Godkjenning og revidering av finansstrategi og finansreglement for Fjell kommune
• Evaluering av kontaktutval for næringslivet

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00.

Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 01.06.2017 23:21
Sist endret: 01.06.2017 23:24