Facebook ikon Twitter logo Print side

28 nye lærlingar er i full sving

På tysdag denne veka var det samling for dei nye lærlingane i Fjell. - Det spesielle med dykk er at de startar som lærling i Fjell og fullfører læretida i Øygarden, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy til dei 28 nye lærlingane.

Her er dei nye lærlingane i Fjell saman med lærlingkoordinator Evelyn Persson.
Her er dei nye lærlingane i Fjell saman med lærlingkoordinator Evelyn Persson.

Ordføraren var glad for at lærlingane hadde vald Fjell. I talen til dei nye medarbeidarane sa ordføraren at unge lærlingar betyr mykje for kommunen.

- Vi har mykje å læra av dykk. De har hatt digitale hjelpemidlar heile vegen. Kommunen må fornya seg og ta kunnskapen dykkar med seg. De tenkjer annleis enn dei som har vore lenge i arbeidslivet, og de kan påverka med kunnskap, humør og entusiasme, sa ordføraren.

Hadeel Zahra gler seg over lærlingplass i Fjell.
Hadeel Zahra gler seg over lærlingplass i Fjell.

Ein av dei nye lærlingane i haust er 36 år gamle Hadeel Zahra. Ho kom frå Syria til Noreg for tre og eit halvt år sidan.

- Eg har gått på Sotra vidaregåande skule, og er no klar for læretid som barne- og ungdomsarbeidar i to år. Eg har vore musikklærar i Syria i ni år, og er svært interessert i musikk, og eg har fått jobba litt med musikk allereie. Eg trivst svært godt som lærling på Tranevågen ungdomsskule, seier Zahra.

- Høyr på Evelyn!

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var tydeleg på at det er viktig å vera på godfot med lærlingkoordinator Evelyn Persson.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

- Ho gjer alt for dykk så lenge de høyrer på kva ho seier, formana ordføraren som håpte at dei nye lærlingane fekk ei fin tid i Fjell og ville ha fagbrev i hendene om to år. Fjell kommune har for tida totalt 72 lærlingar.

Lærlingkoordinator Evelyn Persson var oppteken av å gje dei nye lærlingane gode råd om å vera medarbeidar i Fjell.

- Ta godt tak i handa til den personen du vert presentert for. Ver motivert og skap glede på arbeidspassen. Vis samarbeidsevne og ver god til å lytta, sa Persson som var oppteken av at medarbeidarane skal kejnna seg trygge på arbeidsplassen.

På samlinga i dag gav personalsjef Lisbeth Grosvold informasjon om Fjell kommune. MOT-informatør Vigdis Taranger gav innføring i MOT-arbeidet. Lærlingane fekk også innføring i det nettbaserte verktøyet OLKWEB som er lagt til rette for lærlingar. Delta og Fagforbundet orienterte om rettar og plikter for lærlingane.

Denne veka får lærlingane kurs i brannvern og førstehelp. Det vert også kurs i ergonomi, sjukefråværsoppfølging.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag

Evelyn Persson- Det er likar aller best er å arbeida med dykk lærlingar, sa rettleiar Nina Høiem.


Sist endret: 17.09.2019