Facebook ikon Twitter logo Print side

29. april: Eitt år sidan helikopterulukka

Laurdag den 29. april er det eitt år sidan den tragiske helikopterulukka. 13 menneske omkom då eit helikopter styrta på ein holme i Øygarden ved Turøyna. Både i Fjell og nabokommunane vart det straks etablert krisestab då meldinga om ulukka kom om lag klokka 12.

Ulukkesstaden 29. april i fjor
Ulukkesstaden 29. april i fjor. Foto: Kyrre Styve, Vestnytt

- Sjølv om ulukka ikkje skjedde i Fjell, vart mange av innbyggjarane i kommunen vår påverka av det som hende. Politi, brannvesen og andre redningsinstansar utførte ein framifrå innsats i ein svært krevjande redningsoperasjon, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Det vart lagt mykje arbeid ned i å følgja opp redningsmannskapa og dei innbyggjarane som fekk ulukka nær innpå seg.

- Ulukka greip og rørte oss sterkt, og vi stod saman i sorga. Samarbeidet mellom kommunane, redningsaktørane og andre involverte fungerte svært godt. Psykologtenesta i Fjell gjorde ein svært god innsats for å ta i vare redningsmannskapa og dei innbyggjarane som hadde behov for hjelp i etterkant av ulukka, seier Marianne Sandahl Bjorøy.


Publisert: 28.04.2017 12:53
Sist endret: 28.04.2017 12:56