Facebook ikon Twitter logo Print side

300 omsorgsmedarbeidarar samla på fagdag

I løpet av to dagar i mars deltek om lag 550 medarbeidarar i omsorg i Sund, Fjell og Øygarden delta på felles fagdagar.

Frå fagdagen i Strandahallen i dag
Frå fagdagen i Strandahallen i dag

På den første samlinga var nærare 300 samla på onsdag denne veka i Strandahallen i Sund. Det heile starta med at leiar av fellesnemnda og ordførar i Sund, Kari-Anne Landro gav status for arbeidet med Nye Øygarden kommune. Ho viste mellom anna til visjonen til den nye kommunen; eit fyrtårn i vest.

Ho stilte spørsmål om kva ein meiner med fyrtårn. Det handlar om kompetanse, innovasjon, infrastruktur, oppgåver, sjølvstyre og næringsutvikling. Ho tok utgangspunkt i intensjonsavtalen som vart vedteken av kommunestyra i juni 2016 og viste til kva denne avtalen seier om helse og omsorg og kva rettar dei tilsette har i samband med bygging av ein ny kommune.

Velferdsteknologi

Runhild Rokkan og Marianne Berland som er prosjektmedarbeidarar i prosjektet «Velferdsteknologi i Vest» viste til fleire døme på velferdsteknologi som er teken i bruk. Ein del er nok redde for at teknologien skal erstatta dei «varme hendene», men det er nødvendig å tenkja nytt. Velferdsteknologi er eit samlande uttrykk på ulike sensorbaserte eller digitale verktøy som bidrar til ein meir effektiv helse- og omsorgssektor.

Pauseprat.
Pauseprat

Frivilligkoordinator i Fjell, Unni Sørensen, snakka om modell for frivillig innsats. Ho understreka at dei frivillige ikkje skal erstatta dei tilsette.

- Grunnen til at vi vil ha dei frivillige inn i omsorgsarbeidet, er å auka kvaliteten, sa Sørensen.

Prosjektleiar Eirik Milde orienterte om status for lokalmedisinsk senter på Straume.Helen Forberg Lefevr gav informasjon om «Rehabilitering først». Det vart også gjeve orientering om modellkommune for demensomsorg og pårørandeavlasting ved prosjektkoordinator Bodil Giil. Britt Jorunn Landro (leiar for pleie og omsorg i Øygarden), kommunalsjef Marita Hilleren ( kommunalsjef i Sund) og Line Barmen (omsorgssjef i Fjell) gav innføring i korleis pleie og omsorg er organisert i dei tre kommunane.

Det hele vart avslutta med Erik Hanøy som gav gode råd om korleis vi kan skapa ein betre arbeidsdag.

Onsdag den 21. mars er det ny fagdag i Fjell (Straume Forum).

Her er fleire bilete frå fagdagen i Sund

Kari-Anne LandroEirik MildeUnni SørensenHelene Forberg LefevrErik Hanøy

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 14.03.2018 17:58
Sist endret: 14.03.2018 18:06