Facebook ikon Twitter logo Print side

31. august er Verdas overdosedag

Kvart år dør om lag 260 personar av overdose i Noreg. Laurdag 31. august er Verdas overdosedag. Hovudbodskapen denne dagen er å minnast dei døde og førebyggja nye dødsfall.

Illustrasjon, plakat

Denne dagen vert markert 25 stader i Noreg. I fjor vart dagen markert på MO-senteret på Straume i Fjell. I 2017 var det registrert fire narkotikautløyste dødsfall i kommunen vår.

- For å kunna redda fleire, må vi minnast dei som ikkje lenger er blant oss, seier Vidar Hårvik som er dagleg leiar i brukarorganisasjonen MARBORG.

Dei siste åra har Noreg vore blant dei landa som har hatt høgast registrerte overdosedødsfall pr. innbyggjar. Globalt dør om lag 200 tusen personar som følgje av dette. Ifølgje MARBORG er det registrert nedgang i overdosedødsfall i dei kommunane som har delteke i læringsnettverket i overdosestrategien.

I år er det lansert ein nasjonal overdosestrategi 2019-2022. Dette har resultert i lokale handlingsplanar i overdoseramma kommunar. I Fjell har ein teke i bruk nasal Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen. Dette erstattar ikkje legebehandling, og ein skal uansett tilkalla 113 ved overdose.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Plakat: Helsedirektoratet


Sist endret: 29.08.2019