Facebook ikon Twitter logo Print side

400 tusen i støtte til «Rett i jobb»-prosjekt

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har tildelt Fjell kommune 400 tusen kroner i støtte til mentorprogrammet «Rett i jobb».

Illustrasjonsfoto

Gjennom «Rett i jobb» skal ressurssterke flyktningar verta meir attraktive i arbeidsmarknaden. Prosjektet skal også engasjera tilsette i privat og offentleg sektor som ønskjer å bidra til auka mangfald i arbeidslivet som mentorar.

IMDI har sett av 9,7 millionar kroner til tilskotsordninga. Det kom inn 39 søknader med samla søknadssum på 22,8 millionar kroner.

Rådmann Steinar Nesse gler seg over tilskotet frå IMDI.

- Dette er vi svært glade for. Nok ein gong har IMDI vist seg å vera ein god samarbeidspartnar for Fjell kommune, seier rådmannen.

«Rett i jobb»-prosjektet har gjort det mogleg for flyktningar å kombinera arbeidspraksis og språkopplæring. Målsetjinga med prosjektet er raskare integrering ved at innvandrarar kjem lettare og raskare i jobb, auka trivsel, verdiskaping for kommunen og at innvandrarar tileignar seg norsk på kort tid og vert ein ressurs for kommunen og lokalsamfunnet.

Les meir om prosjektet på nettsida til Distriktssenteret.

Her kan du lesa tildelingsbrevet frå IMDI.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Coloourbox


Sist endret: 15.03.2019