Facebook ikon Twitter logo Print side

500 tusen kroner til språkutviklingsprosjekt

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har tildelt 500 tusen kroner til Fjell kommune til eit forskingsprosjekt i regi av Milla Says.

Alexander Helmersberg
Alexander Helmersberg

Totalt har fem bedrifter og fire kommunar har fått kvalifiseringsstøtte for 2019. Styret i RFF Vestlandet har vedteke å gje kvalifiseringsstøtte på til saman 3,7 millionar kroner til ni nye prosjekt. Dette er midlar som skal bidra til utvikling av gode forskings- og innovasjonsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, anten frå RFF Vestlandet eller frå andre relevante ordningar.

Prosjektet i Fjell det vert gjeve støtte til er «Kommunikasjon på eigne vilkår: Utvikling av digitalt samhandlingsverktøy for å støtta språkutvikling og kommunikasjon med teikn til tale». Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Fjell kommune og idéskaparen som også har fått fleire gründerprisar.

Utviklar digitale verktøy

Gjennom selskapet Milla Says har dagleg leiar Aleksander Helmersberg sidan 2014 arbeidd med eit digitalt verktøy som skal leggja til rette for at alle skal verta tekne på alvor og verta behandla likt ut frå føresetnadene sine. Målet er å utvikla gode digitale løysingar som løftar barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å kunna ha ein god kommunikasjons med dei rundt seg. I 2011 fekk familien Helmersberg dottera Milla som har Dows Syndrom. Ho har forseinka verbal tale, og foreldra fekk tidleg melding om dei måtte læra å kommunisera ved hjelp av teikn.

Han har fått fleire prisar for tiltaket. I august tildelte Visma Mamut Milla Says 100 tusen kroner for utviklinginga av plattforma.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Visma Mamut


Sist endret: 27.12.2018