Facebook ikon Twitter logo Print side

780 tusen til TV-aksjonen frå Fjell

Det kom om lag 780 tusen kroner til TV-aksjonen frå Fjell. Dette utgjer 30,56 kroner pr. innbyggjar. Pengane går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt.

Leiar av komitéen, Eli Årdal Berland og dei andre i "innsamlingsapparatet", gler seg over gjevargleda og pengane som kom inn.
Leiar av komitéen, Eli Årdal Berland og dei andre i "innsamlingsapparatet", gler seg over gjevargleda og pengane som kom inn. 

Sjølv om dette er ein liten nedgang samanlikna med 2016, er leiar av den lokale innsamlingskomitéen, Eli Årdal Berland, god nøgd med resultatet.

- Innsamlinga fungerte flott, og vi hadde mellom anna god hjelp frå ungdomsskuleelevar frå Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule, seier Årdal Berland som er glad for at elevane frå valfaget «Innsats frå andre» stilte godt opp for TV-aksjonen.

Årdal Berland opplyser at det nok er nødvendig å oppdatera karta for rodene. Nye bustadfelt gjer sitt til at nokre roder er vortne så store at det er utfordrande å nå alle husstandane. Av og til kan det også vera vanskeleg å koma inn i blokker som gjerne har stengt hovudinngang.

Internasjonal kvinnegruppe selde mat på lysfestivalen.
Internasjonal kvinnegruppe selde mat på lysfestivalen

Årdal Berland gler seg over at internasjonal kvinnegruppe stilte opp med sal av internasjonal mat på lysfestivalen.

- På lysfestivalen helga 6. - 7. oktober selde fem kvinner og ein mann internasjonal mat for 8 750 kroner. Då kunne folk velja mellom eksotisk mat og den norske varianten med pølse og brød, seier Årdal Berland. 


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Line Sanden


Publisert: 23.10.2017 11:26
Sist endret: 23.10.2017 11:31