Facebook ikon Twitter logo Print side

Ågotnes barnehage markerte samefolkets dag

I dag var vi så heldige å få besøk av ein tidlegare far i barnehagen, Ken-Anton Kartfjord. Han har samisk bakgrunn og fortalde oss om flagget, kofta , kvar samane frå gammalt kom frå, reinsdyr, lavvo m.m.

Ågotnes barnehage markerte samefolkets dag

Etterpå høyrde vi forteljinga om: «Da myggen slapp uti verda» og såg film. Til slutt song vi ein liten joik. Til mat i dag har vi hatt Bidos (reinsdyrgryte) og Sjamankake. Dette var ein flott dag for både store og små.

Fleire bilete

Tekst og foto: Eva Ekren Tveitan, pedagogisk leiar i Ågotnes barnehage


Publisert: 06.02.2018 14:45
Sist endret: 06.02.2018 15:07