Facebook ikon Twitter logo Print side

Ågotnes-elevar på seglas

På tysdag var 90 elevar i sjette og sjuande på Ågotnes skule på ro- og segletur. Men også på anna vis fekk dei bolta seg på sjø og land.

Det er krevjande å ro i takt.
Det er krevjande å ro i takt.

Fjell kystlag stilte fem fartøy til disposisjon for elevane slik at elevane fekk læra meir om kystkultur.

- Vi nytta ein stor seglgavl, ein kombinerte segl og motorbåt, seksæring og to loddebåtar. På den måten fekk vi gje alle elevane informasjon om båtane, samstundes som dei fekk høve til å segla, ro og fiska. Dette vart ei fin oppleving der vi møtte positive elevar og lærarar frå Ågotnes skule, seier leiar i Fjell kystlag, Rolf Henriksen. Han hadde eit klart inntrykk av at elevane likte det dei fekk vera med på. Henriksen takkar alle medlemene i kystlaget som stilte opp på dugnaden.

Samarbeidsprosjekt

Dette er ein del av prosjektet «Prosjekt på fjorden 2018» og har kome i stand via aktiviseringsmidlar til friluftsføremål frå Miljø- og klimadepartementet. Pengane er løyvd av fylkeskommunen, og prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen og Omland Friluftsråd, seglskuta Seladon, Coastering AS, Ragn Sells, Sustain, FN-sambandet og Kystsogevekene. Målet er at «Snakkast på Fjorden 2018» skal verta starten på ein årleg tradisjon under Kystsogevekene.

Aktivitet

I tillegg til ro- og segltur, fekk elevane vera med på ei rekkje aktivitetar på sjøen og langs stranda. Mellom anna fekk dei prøva seg med såkalla coasteering der elevane fekk boltra seg på sjø og land.

Rektor på Ågotnes skule, Eigil Nødvedt, er svært glad for dette samarbeidet, og seier at elevane koste seg heile dagen. Han håpar at dette kan verta ein tradisjon.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Fjell kystlag


Publisert: 24.08.2018 10:19
Sist endret: 24.08.2018 10:25