Facebook ikon Twitter logo Print side

Hamnerådet vil ha godshamna på Ågotnes

Hamnerådet slår fast at Ågotnes skal vera den framtidige godshamna for bergensregionen. - Dette er ein svært god dag for Coast Center Base og ikkje minst Fjell kommune og nye Øygarden kommune, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

Industrområdet på Ågotnes


Det var på møtet i hamnerådet på fredag at dette vart fastsett. I vedtaket heiter det at hamnerådet ber om å få lagt fram ein avtale med Fjell kommune og CCB AS om kjøp av aksjar m.v. i Ågotnes Næringspark AS for utvikling av ei offentleg kontrollert godshamn. Det som no står for døra er å gjennomføra nødvendig prosjektering og kostnadsberekning og at dette vert lagt til grunn for ei finansieringsløysing som gjer det mogleg å realisera godshamna på Ågotnes.

- Eg er svært godt nøgd med den innsatsen Fjell kommune og ikkje minst Bergen kommune har lagt ned for å få dette til. Her har mange aktørar arbeidd saman, seier ordføraren og nemner CCB, Bergen og Omland Havnevesen, Bergen kommune og Fjell kommune.

- For nye Øygarden kommune vil dette bety mykje både i form av aktivitret, attraktivitet og ikkje minst arbeidsplassar, seier Sandahl Bjorøy.

Fjell kommune er ein av eigarane av Ågotnes Næringspark. I fjor kjøpte kommunen seg inn med 40 millionar kroner i selskapet.

På møtet i fellesnemnda den 19. november vart det gjeve informasjon om den planlagde godshamna på Ågotnes.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: CCB


Sist endret: 07.12.2018