Facebook ikon Twitter logo Print side

Aktiv+: Juleavslutninga fekk fart på årene

Først trening – så fest. Seniorane veit korleis dette skal gjerast. Etter ein time med trening og litt julegraut i caféen, var 147 feststemte sprekingar klar for basar og julemusikk.

IllustrasjonTysdagane går mange av seniorane i Fjell, Sund og Øygarden mann og kvinne  av huse for å vera med på trening i Sotra Arena. Ein kan velja om ein vil vera med på balansetrening med fysioterapeut, trim i sal med instruktør, eller turgruppe i Straumeparken med følgje.  Etterpå er det ein halvtime med lunsjpause før ein samlast i VIP-rommet for inspirerande føredrag om ulike tema basert på ønske og innspel frå deltakarane.

Seniorane stemmer i

Tysdag 18. desember var den siste treninga i 2018.

Etter treninga samlast alle for samvær, song  og basar. Karstein B. Lunde og Hans Rasmussen spela kjente og kjære tonar. Med  flott julemusikk og seniorane som veit korleis ein skal stemma i, var julestemninga til å ta og føla på. Den gode stemninga, flotte premiar, og det faktum at seniorane elskar åresal, gjorde at salet gjekk unna, ja, nesten for raskt. Difor vart det sett eit tak på fem årer per person for at alle skulle få sikra seg lodd i trekninga. Etter tre seriar, der alle årene vart seld ut, hadde Aktiv+ fått inn 15 tusen kroner på kort tid. Dette er pengar som vil koma deltakarane til gode i 2019.

Nok eit vel gjennomført år

Leiar av Aktiv+, Ranveig Frøiland, heldt ein takketale til styre, frivillige og deltakarar. Ho gav ei oppsummering av året, og kor mange deltakarar det har vore på treninga i 2018.

-  Eg må få seia at eg set stor pris på å vera leiar av Aktiv+. Kvifor? Jo, fordi de er så utrolig flotte folk, deltakarar, frivillige og styre som alle står på og bidreg for å få hjula til å gå rundt.

Frøiland leste så opp kor mange deltakar som har vore med på dei ulike aktivitetane i 2018.

Deltakarar 2018

  Trim
Balanse
Tur
Føredrag
I alt
Haust
2018

1128

960

301

918

3307

Vår
2018

1058

910

303

868

3139

I alt

2186

1870

604

1786

6446

Sjå fleire detaljar her.

Startar opp igjen 8. januar

No tar Aktiv+ juleferie, men startar opp igjen 8. januar 10.30 i Sotra Arena.  Etter trening blir det omvising i Turnhallen mellom klokka 12 og 13.

15. januar er det klart for Underhaldningsvogna med framsyninga «På en grønmalt benk i haven».

Tekst: Unni Sørensen
Foto og video: Egil Haaland


Sist endret: 19.12.2018