Facebook ikon Twitter logo Print side

Aktivitetsdag

Fredag 7.juni vart det arrangert aktivitetsdag for elevar med ulike funksjonsvanskar frå Fjell kommune. Totalt deltok 42 elevar frå barne- og ungdomsskulane i kommunen, og vi var om lag 80 personer med barn og vaksne. I år var vi for første gong i den nye turnhallen til Sotra Sportsklubb.

Frå aktivitetsdagen den 7. juni
Frå aktivitetsdagen den 7. juni

Dette er eit samarbeid mellom spesialavdelinga på Hjelteryggen skule, ergo- og fysioterapiavdelinga i Fjell og Sotra Turn. I tillegg stilte tre hjelpemiddelfirma, Medema, Bardum og Sunrise Medical med spesialsyklar, pølser og saft.

Skolesjef Wilhelm Anglevik opna dagen og fekk sjå elevane i aktivitet og leik.

Inne i den flotte hallen fekk elevane prøva dei ulike apparata. Hoppa på trampoline og svinga seg i tau var blant favorittane. Inne kunne dei også prøva lukka i fiskedammen, kasta på boksar og bowla.
Ute på parkeringsplassen var det ulike syklar som kunne prøvast, tandemsyklar, store og små trehjulssyklar med og utan hjelpemotor. Dette var til stor glede for alle.

Målet med dagen er at elevane skal få oppleva glede, meistring og deltaking i ein eller fleire av aktivitetane.
Eitt av dagens høgdepunkt kom til slutt; den store premieutdelinga der alle elevane kom stolte fram for å ta imot medaljen sin. Dette var ein super dag saman med flotte og flinke barn og vaksne :).


Mona Strand Bjørkhaug
Vernepleier
Hjelteryggen skole

Her er fleire bilte frå aktivitetsdagen

 


Sist endret: 24.06.2019