Facebook ikon Twitter logo Print side

Alltid populært med Seniortreff på Landro skule

Fredag 1. juni var det igjen duka for Seniortreff på Landro skule.

Frå samlinga på fredag
Frå samlinga på fredag

- Dette er ein dag eg har gledd meg lenge til, kjem det frå mormor til ein av elevane våre.

- Eg har reist heilt i frå Stanghelle for å få med meg dette treffet og har kost meg veldig, kjem det frå ein bestefar.

Gymnastikksalen ved Landro skule var fylt med besteforeldre og andre seniorar frå nærområdet. Det var eit takknemleg publikum som fekk sjå flotte elevinnslag og høyre vakker song frå skulekoret vårt. Elevar frå 7. klasse serverte gjestane både kaffi og litt å bite i.

For avdelingsleiar Jarl Heggernes var dette ein spesiell dag. Han var ein av initiativtakarane til seniortreffet og har vore primus motor i prosjektet alle dei åra det har vore gjennomført, og då snakkar vi bortimot 20 år. Då han går av med pensjonen over sommaren vart dette siste seniortreffet han hadde hovudregien for. Han losa oss som vanleg trygt gjennom programmet og fekk med seg både gode ord og fine blomar som takk for innsatsen.

Jarl Heggernes vart takk av for sin strålande innsats for seniortreffet og song og musikk gjennom mange år.
Jarl Heggernes vart takka av for sin strålande innsats for seniortreffet gjennom mange år.

Elevane tykkjer det er stor stas at dei kan få opptre for besteforeldra sine, og seniorane er tydelege på at dei set stor pris på invitasjonen. Dette er ein tradisjon vi må ta godt vare på vidare, så vi har allereie lova at det blir Seniortreff også neste skuleår!


Anita Vabø
rektor

Her er fleire bilete


Publisert: 02.06.2018 18:15
Sist endret: 02.06.2018 18:26