Facebook ikon Twitter logo Print side

Amerikansk «Cafe» med ei festleg overrasking

I sist veke vart det stelt i stand amerikansk «Cafe» i kantina på Straume bu- og servicesenter.

Frå samlinga 8. september

Nærare 80 personer frå Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim var samla til amerikansk hyggestund fredag 8. september.

Det blei servert kaffi, amerikanske donuts og muffins

Det blei servert kaffi, amerikanske donuts og muffins.

Reidar Sakseide, Harald Dyb og Arne Opseth spelte og song den beste musikken Amerika har å by på.

Reidar Sakseide, Harald Dyb og Arne Opseth spelte og song den beste musikken Amerika har å by på.

Den engasjerte musikkterapeuten Guri Dypvik var leiar for «Cafeen». Deltakarane vart oppmuntra til å fortelja kva dei tenkjer og forbinder med Amerika.

Overraskinga kom på slutten av festen; utanfor stod fem veteranbilar m/sjåførar frå Amcar Askøy. Bebuarane fekk vera med på ein særs minnerik biltur rundt omkring i straumeområdet.

div.

Tilbakemeldingane frå bebuarane var svært positive, og dei tykte at det hadde vore ei svært minnerik oppleving.
Vi ser allerede fram til neste kafetilstelling, som er Engelsk «Afternoon-tea».
Ein stor takk til Guri Dypvik, Røde kors-damene, sjåførane frå Amcar Askøy og personalet for ei vellukka oppleving.

Her er fleire bilete frå hyggestunda:

DIV

Tekst og foto: Karly Zanartu og Ingunn Anne Einen


Publisert: 13.09.2017 20:44
Sist endret: 13.09.2017 21:15