Facebook ikon Twitter logo Print side

Annleisveke på Brattholmen skule

Brattholmen skule har gjennomført Annleisveke der prosjekt « Nye øygarden kommune» har vert tema i år og.

Frå aktivitetsveka
Frå aktivitetsveka

Tema i veka var mellom anna kystkulturen og båtbyggjarkunst, forsking på ulike typar tang og på alt anna som var i fjøra. Det vart samla blomar langs vegen og det var time med botanikk.

Vidare fekk elevane vita korleis det var å veksa opp på Brattholmen for ca. 60 år sidan. Elevane fekk kunnskap om landskap og fiskeri som næring. På fredag vart veka avslutta med aktivitetsdag

6.trinn
6.trinn

Rektor Anja Bøe Solli seier at ho er svært stolt over innsatsen til elevane på Annleisveka.

Les meir på heimesida til Brattholmen skule.


Sist endret: 15.06.2019