Facebook ikon Twitter logo Print side

Arbeidet med kabel-tunnelar er snart i gang

Om kort tid startar arbeidet med å flytta høgspentlinja mellom Breivik og Liltesotra transformatorstasjonar. Dette er nødvendig for å realisera Sotrasambandet.

Byggeleiar Gunnar Gjæringen ved fjellsida der påhogget for kabel-tunnelen kjem i Breivik i Bergen. Foto: Geir Brekke
Byggjeleiar Gunnar Gjæringen ved fjellsida der påhogget for kabel-tunnelen kjem i Breivik i Bergen. Foto: Geir Brekke.

Statens vegvesen melder at det no vert arbeidd med å rekna på entreprise for bygging av totalt 3,4 kilometer med kabel-tunnelar for flytting av høgspentlinja. Linja ligg i dag i traseen for den nye brua mellom Drotningsvik i Bergen og Knarrvika i Fjell. Denne linja må difor flyttast.

Statens vegvesen lyste ut oppdraget til fleire hundre millionar kroner 23. januar. I neste veke er det invitert til tilbodskonferanse på prosjektkontoret til rv. 555 Sotrasambandet på Sandeidet i Bergen.

Les meir på nettsida til Statens vegvesen


Publisert: 09.02.2018 11:09
Sist endret: 09.02.2018 11:12