Facebook ikon Twitter logo Print side

Arbeidsmiljøprisen gjekk til Tranevågen ungdomsskule

Tranevågen ungdomsskule vart i dag tildelt Arbeidsmiljøprisen 2016. Prisen vart delt ut av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy på leiarsamlinga til rådmannen på Fjell rådhus i føremiddag.

Representantar frå Tranevågen skule saman med leiar i AMU, Bodil Aleksandersen, og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (til venstre).
Representantar frå Tranevågen skule saman med leiar i AMU, Bodil Aleksandersen, og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (til venstre).

Det var leiar i arbeidsmiljøutvalet, Bodil Aleksandersen, som framførte grunngjevinga for prisen på vegner av juryen. Ho viste til at Tranevågen ungdomsskule har hatt lågt sjukefråvær i lengre tid.

- Verksemda tek godt vare på alle tilsette og legg vekt på tiltak som styrkjer fellesskapet, som til dømes å samla alle til ein felles lunsj ein gong i veka, sa Bodil Aleksandersen.

Juryen viser til at det systematiske HMT-arbeidet er på plass i form av mellom anna vernerundar, medarbeidarsamtalar, risikovurderingar og branntilsyn. Det vert også gjennomført regelmessige trepartsmøte.

- Særleg vil AMU trekkja fram det årlege «UNG-arrangementet i Sotra Arena. Dette er eit krevjande arrangementet, men det skapar samhald og glød for personalet og betrar tilhøvet til både elevar og føresette, sa Bodil Aleksandersen.

Ivar Medaas-sitat

Rektor Johnny Eide
Rektor Johnny Eide

Rektor på Tranevågen ungdomsskule, Johnny Eide, var stolt over prisen og fekk latteren fram i salen då han siterte Ivar Medaas:

- Tusen takk alle saman, det var vel fortent! sa rektoren. Johnny Eide har vore rektor på Tranevågen ungdomsskule sidan han vart teken i bruk i 2010. Han understreka at dette var ein pris som gjekk til skulen og ikkje han som rektor.

Med prisen følgjer 30 tusen kroner og biletet «Vinterspill» av Alexander Stub. Prisen har vore delt ut sidan 1999 og hatt som formål å setja fokus på det førebyggjande arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT) ved å premiera verne- og arbeidsmiljøtiltak som viser innsats og resultat utover «vanleg» HMT-arbeid.S

Her kan du lesa heile grunngjevinga for prisen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Her er fleire bilete frå utdelinga og leiarsamlinga i dag:

På leiarsamlinga vart nynorskprosjektet "Stolt av eige språk" presentert ved mellom anna prosjektleiar Jorid Saure.Elevar frå Fjell ungdomsskule presenterte kortnoveller.Det er laga utstilling av kortnovellene.

 

 

 

 

 


Publisert: 30.11.2016 15:15
Sist endret: 30.11.2016 15:26