Facebook ikon Twitter logo Print side

Ærleg og sjølvkritisk om Ida-saka

150 barnevernsmedarbeidarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden og administrativ leiing var samla til felles kompetanseseminar på Flesland torsdag og fredag i sist veke. Dette var det andre fellesseminaret dei fire kommunane arrangerer saman. Kommunane har fått styrkingsmidlar frå Fylkesmannen til felles kompetanseheving på dette feltet.

Helga Arianson
Helga Arianson

Fylkeslege Helga Arianson heldt eit ærleg og sjølvkritisk innlegg om «Glassjenta» eller Ida-saka som saka også er omtala som. Ein felles tilsynsrapport frå Fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Troms («Dei forstod meg ikkje») konkluderte med at mangelfull kunnskap, knapp saksbehandling og manglande involvering førte til unødvendig høg tvangsbruk overfor Ida. Ida vart flytta frå institusjon til institusjon i dei tre fylka i perioden 2014 til 2016.

- Vi og andre tok feil. Eg kjenner meg medskuldig, og det er ikkje godt. Eg er her i dag for at dette ikkje skal skje igjen, sa Arianson som understreka at det må arbeidast med haldningsendringar når det gjeld slik saker. Ho viste også til god erfaring med bruk av Forandringsfabrikken.

Krevjande sak for journalistane

Journalist i Aftenbladet, Thomas Ergo, har arbeidd særleg med Ida-saka og orienterte om korleis han og fleire journalistar arbeidde med denne krevjande saka. Rapporten «Dei forstod meg ikkje» viser at hjelpeapparatet (kommunen og andrelinjetenesta) retta mot barn kan verta betre til å tolka, forstå og å vera meir samkøyrte. Spørsmålet er korleis ein kan klara å møta barn og unge som på ulike måtar prøver å gje melding om at dei ikkje har det bra.

150 deltakarar var med på fellesseminaret i sist veke.
150 deltakarar var med på fellesseminaret i sist veke.

Ida var sjølv til stades på konferansen og svarte på spørsmål frå Thomas Ergo og deltakarane på seminaret.

- Dette var noko som gjorde sterkt inntrykk på oss som var på seminaret, seier sosialsjef Tove Helleland.

Det var også innlegg om barnevernet i eit samfunns- og medieperspektiv og overordna utfordringar. Andre tema var «Motivasjon og førebygging av utbrentheit», verdiar i barnevernet og kollegastøtte og feedback.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 05.12.2016 10:46
Sist endret: 05.12.2016 10:54