Facebook ikon Twitter logo Print side

Auke i talet på elevar med nynorsk som hovudmål i Fjell

I skuleåret 2018-2019 er det reelt fleire nynorskelevar enn skuleåret 2017-2018. Det viser statistikk frå Utdanningsdirektoratet

I 2016 vart det i regi av prosjektet "Stolt av eige språk" gjennomført ein novellekonkurranse. Biletet er frå kåringa i desember.
I 2016 vart det i regi av prosjektet "Stolt av eige språk" gjennomført ein novellekonkurranse. Biletet er frå kåringa i desember same år.

Dette skuleåret er det registrert 1 018 elevar med nynorsk målform i Fjell. Dette er 64 færre enn året før. Men for å få rett samanlikning, må ein ta omsyn til at frå og med dette skuleåret får elevane i Tellnes krins undervisninga på Skogsvåg skule i Sund. I fjor var det 72 elevar på Tellnes (alle med nynorsk målform). Dermed kan ein konkludera med at det reelt er fleire nynorskelevar i Fjell dette skuleåret samanlikna med skuleåret 2017-2018.

Det er registrert auke i talet på nynorskelevar på barneskulane Brattholmen, Knappskog, Ågotnes og Landro. Landro skule har kraftig auke som følgje av at elevane på Misje er flytta til Landro frå august 2018.

Det er fleire elevar med nynorsk målform på Fjell ungdomsskule dette skuleåret enn skuleåret 2017-2018, medan talet på nynorskelevar på Tranevågen ungdomsskule har gått litt ned. På Danielsen barne- og ungdomsskule har talet på nynorskelevar auka det siste skuleåret.

Rådmannen er nøgd

Rådmann Steinar Nesse gler seg over tala frå Utdanningsdirektoratet. Han rosar alle i kommunen som har bidrege til at fleire vel nynorsk, ikkje minst innsatsen som er gjort på skulane.

- Det nyttar å setja rett fokus. Vi ønskjer å fremja stillinga nynorsken har i Fjell-samfunnet og eg synest det et svært positivt at det no er fleire elevar som vel nynorsk framfor bokmål. Eg takkar alle som har bidrege til å snu trenden, seier rådmannen som også meiner at nynorskprosjektet «Stolt av eige språk» er eit viktig tiltak for å fremja nynorsken i Fjell-skulen.

Bjorøy, Hjeltetryggen, Foldnes og Liljevatnet er «bokmålsskular» der det ikkje er registrert elevar med nynorsk som hovudmål.

Det er langt fleire elevar med nynorsk hovudmål i nabokommunane Sund og Øygarden enn i Fjell. Medan nynorskdelen i Fjell er 31,7 prosent (kommunale skular), har 86,5 prosent av elevane i Sund og 91,6 prosent i Øygarden nynorsk som hovudmål.

Jorid Saure er prosjektleiar for "Stolt av eige språk".
Jorid Saure er prosjektleiar for "Stolt av eige språk".

Vestnytt har omtalt dette temaet i sak på nettsida 30. desember.

Her kan du lesa statistikk på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

I Hordaland er det 24 433 nynorskelevar i dette skuleåret. Dette er 20 fleire enn året før. Det er 39 106 bokmålselevar i skuleåret 2018-2019. Dette er 235 fleire enn året før.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland



Sist endret: 02.01.2019