Facebook ikon Twitter logo Print side

Avgjerande landskamp i Sotra Arena

Den 5. juni er det duka for storspenning i Sotra Arena. Då skal dei norske handballjentene møta Kviterussland i avgjerande kamp om å verta kvalifisert til VM.

Det norske landslaget, her ved Heidi Løken, møter Kviterussland i kvalifiseringskamp.
Det norske landslaget, her ved Heidi Løken, møter Kviterussland i avgjerande kvalifiseringskamp i Sotra Arena.


Seksjonsleiar i Norges Håndballforbund, region vest, Trygvje Johnsen, er trygg på at det vert fullt hus den 5. juni.

- Det er no mindre enn 100 sitjeplassar igjen. I tillegg kjem nokre ståplassar. Difor handlar det om å sikra seg billett om du skal få med deg denne kampen, er det klare oppmodinga frå Johnsen.

Noreg møter først Kviterussland borte, og returkampen er dermed heilt avgjerande for om Noreg skal kvalifisera seg til VM i Japan.

Johnsen gler seg over at Hordaland og Sotra Arena har fått nok ein landskamp.

- Med det gode billettsalet, vert det stor stemning og fullt hus med nærare fire tusen på tribunen. Me gler oss over at Fjell kommune støttar opp om dette og Sotra Sportsklubb som stiller med mange frivillige for å få dette til, seier Trygve Johnsen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over at det nok ein gong vert ein landskamp i Sotra Arena.

- Det er viktig at Sotra Arena vert fylt opp til randen på ein kamp som dette. Det er gledeleg at handballforbundet brukar Sotra Arena som landskamparena, seier Sandahl Bjorøy.

Sist gong det var ein avgjerande kvalifiseringskamp i Sotra Arena, var herrelandslaget som møtte Austerrike. Landslaget vårt tapte med knappast mogleg margin. Men det var den gongen....................

På nettsida til Norges Håndballforbund finn du meir informasjon og høve til å kjøpa billettar.


Tekst  Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Sist endret: 21.05.2019