Facebook ikon Twitter logo Print side

Avklart framdrift for Sotrasambandet

Regjeringa fremjar stortingsproposisjonen om Sotrasambandet (rv. 555) for Stortinget i mars. Det er statsministerens kontor som melder dette. Ordføraren er glad for at det no ligg til rette for at arbeidet med prosjektet kan starta som planlagt i 2020.

Ill.: Statens vegvesen
Ill.: Statens vegvesen

KS2-rapporten låg føre i sist veke. Rapporten er ei ekstern kvalitetssikring av rv. 555 Sotrasambandet. Kvalitetsgruppa konkluderer med at finansieringa av Sotrasambandet er robust, med mekanismer til å kunna gjera nødvendige justeringar undervegs. KS2 er ei kvalitetssikring som må gjennomførast for alle store riksvegprosjekt.

Kvalitetsgruppa seier likevel at prosjektet ikkje treff kriteria for val av OPS (Offentleg – privat- samarbeid) som entrepriseform spesielt godt, men OPS vil ikkje vera vesentleg til hinder for ei god prosjektgjennomføring. Gruppa tilrår Statens vegvesen å vurdera om fleire element (delar) i prosjektet kan trekkjast ut av hovudkontrakten. Dette er særleg aktuelt for element med klar avgrensing utan særleg grensesnitt til OPS-kontrakten.

Arbeidet med sambandet kan starta i 2020

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over at bompengesaka (stortingsproposisjonen) for Sotrasambandet vert fremja for Stortinget i mars. Dermed kan ein leggja til grunn at saka vert endeleg behandla i Stortinget i løpet av dette halvåret.

- Dette betyr at arbeidet med Sotrasambandet kan starta opp i 2020 som planlagt. Eg registrerer KS2-rapporten sine merknader til OPS-løysinga og at delar av prosjektet kan vurderast trekt ut av hovudkontrakten, seier Sandahl Bjorøy.

I KS2-rapporten konkluder kvalitetsgruppa med at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt med om lag to milliardar kroner. Kvalitetsgruppa meiner at prosjektet har eit styringsgrunnlag som vil kunna gje tilfredsstillande styring og kontroll med prosjektgjennomføringa og kvaliteten på prosjektet.

Dei viktigast suksessfaktorane er knytt til kontrahering og oppfølging. Rapporten konkluderer med at det er viktig at anskaffingsfasen av prosjektet vert gjeven nok tid og ressursar.

Les heile KS2-rapporten her.

Planlagte saker til Stortinget vårsesjonen 2018.

Fakta:

  • Prosjektet omfattar:
    - 9,4 km. firefelts veg frå kryss Storavatnet i Bergen til kryss med fv 561 på Kolltveit.
    - 4,5 km. av vegen går i tunnel.
    - 950 meter lang ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg (hovudspenn: 590
       meter)
    - 14 km. gang- og sykkelvegPlanlagt start 2020Planlagt ferdig 2026Forventa kostnad: 9,6 milliardar kroner  
      (prisnivå 2016)
  • Sotrasambandet vert gjennomført som OPS-prosjekt (Offentleg-privat-samarbeid)


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 29.01.2018 13:52
Sist endret: 29.01.2018 14:00