Facebook ikon Twitter logo Print side

«Avslutning av Erasmus-prosjektet PEACE-E i Rouen i Frankrike»

Representantar for Knappskog skule er denne veka saman med Anne Swensson frå Skulesjefen i Fjell i Rouen i Frankrike for å delta på avslutninga av Erasmus pluss prosjektet PEACE-E.

Div.
Regionsparlamentet

Knappskog skule har vore partnarskule i prosjektet, og har det siste året vore vertskap for to franske delegasjonar som har delteke i prosjektet. PEACE-E prosjektet har vore eit praktisk akademisk EU-prosjekt med fokus på å kunna dela erfaring innanfor kultureni dei ulike landa for læring av språk. Dei franske delegasjonane har særleg hatt interesse for korleis skulen kan bli meir innovativ og framtidsretta når det gjeld språkinnlæring, og fleire lærarar på Knappskog har vore med og delt erfaringar om korleis skulen arbeider med ny læringsteknologi i språkopplæringa.

Samstundes har vi som partnarskule hatt gleda av å få høyre ulike erfaringar frå lærarar og skulefolk frå fleire land om deira kultur for læring og utdanning generelt, noko som har vore særs nyttig og spennande for delegasjonen frå Fjell.

16. mai var det høgtideleg avslutning av prosjektet i Regionsparlamentet for Normandie i Rouen og som partnarskule var vi invitert til å presentera noko frå vår skule. Cecilia Byrknes var vår representant i panelet og ho blei intervjua av leiarane for prosjektet. Det meste gjekk føre seg på fransk, utanom innhaldet i dialogen med dei utanlandske partnarane i prosjektet som fekk snakka på engelsk.

Takk for at vi fekk delta i dette suksessfulle prosjektet. Vi har lært mykje og fått stifta verdifulle nettverk frå mange land i Europa.

Rouen. 16. mai 2018
Odd Erik Kjeldstad
Rektor Knappskog skule


Publisert: 16.05.2018 13:27
Sist endret: 16.05.2018 13:34