Facebook ikon Twitter logo Print side

Avslutningskonsert

Fireåringane i Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage, hadde sist torsdag konsert for foreldre og andre inviterte. Konserten var for å markere avslutninga på eit to-årig prosjekt, der barnehagane har hatt tett samarbeid med kulturskulen og Åshild Eriksen og Erika Kroken.

Konsert i Hamramyra barnehage

Fokusbarnehagar

Prosjektet kom i gang fordi barnehagane er fokusbarnehagar, som i regi av NAFO (Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring) har ynskt å samarbeida med skular og barnehagar som har fokus på fleirkulturell satsing og mangfald som ein ressurs. Ågotnes og Hamramyra barnehage er også «Syngende barnehage» som er eit nettbasert opplærings og ideforum for barnehagar, for å styrkja den musikkpedagogiske kompetansen. (Det finst også Syngende skoler og Syngende kommuner).

Konsert i Hamramyra barnehage 

Musikk er noko som ligg latent hos oss menneske, og er i seg sjølv motiverande og lystbetont. Gjennom song og musikk lærer barna seg nye ord og begrep, det er repeterande rytmer og reglar, ein synkroniserer seg og kjem inn i felles rytme og puls. Musisk samvær i barnehagen styrkjer relasjonar, vennskap og skaper tryggleik og glede.

Felles språk

Dette prosjektet handla om å ha eit felles språk, ein felles møteplass der ein kan vera med i felles opplevingar uavhengig av kultur, språk, kjønn eller religion. Å få lov å visa og læra om andre kulturar, skikkar og uttrykksformer, er berikande for oss alle og me får oppleva mangfaldet barna og familiane representerer!

Konsert i Hamramyra barnehage

Der er me heldige, som har ca. 20 ulike nasjonar representert i barnehagane våre.
Gjennom dette samarbeidsprosjekte- opplever og ser vi at musikken gir felles glede og engasjement hos små og store. At ein får til prosjekt der mangfald og fleire kulturar vert synleggjorte og profilerte er viktig for barn å vere med på, for å minska ulikskapar og oppleve fellesskap på tvers av kultur og språk. Musikk er eit felles språk som vi kan møta kvarandre på, som er engasjerande, motiverande og kjekt, noko vi fekk oppleva på konserten. Der dei flinke fire åringane serverte oss musikk, song og dans frå ulike verdsdelar.

Tusen takk for flott engasjement frå dei vaksne i barnehagen, kulturskulen og ikkje minst ein kjempe takk til alle barna på konserten!

Foto: Jøran Ingvaldsen
Tekst : Lillian Århus Ekerhovd (prosjektansvarleg, rettleiarteam for barnehagar)

Fleire bilete

Konsert i Hamramyra barnehageKonsert i Hamramyra barnehageKonsert i Hamramyra barnehageKonsert i Hamramyra barnehageKonsert i Hamramyra barnehageKonsert i Hamramyra barnehageOrdførar Marianne Sandahl BjorøyBarnehagesjef Margun LandroErika Kroken, barnehagesjef Margun Landro og Åshild EriksenUkuleler


Sist endret: 15.05.2019