Facebook ikon Twitter logo Print side

Avviklar Fact Team frå nyttår

FACT Team, som gjev tenester til innbyggjarar i kommunen med alvorlege psykiske lidingar over lengre tid, vert avvikla frå og 31. desember 2019.



Fact Team har sidan starten i 2015/2016 vore eit prosjekt som har vore tidsavgrensa på inntil fire år. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Fjell kommune og Øyane DPS. Prosjektet har motteke tilskot frå Helsedirektoratet i heile prosjektperioden.

Prosjektperioden varer fram til nyttår, og difor er det avgjort at teamet vert avvikla frå same tidspunkt. Brukarar/pasientar med oppfølging og kontakt med Fact Team vert overførte til dei ordinære tenestene i Nye Øygarden kommune. Oppfølginga vil skje i den sona av den nye kommunen som den enkelte brukar/pasient høyrer til (bustad).

Teamet tek ikkje inn nye brukarar/pasientar for oppfølging. Det vert difor oppmoda om å ta kontakt med dei ordinære tenestene i kommunen.

På heimesida til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (Napha) er det informasjon om metoden til Fact Team.


Sist endret: 24.09.2019