Facebook ikon Twitter logo Print side

Avviser alle klagene på plan for Sotrasambandet

Fylkesmannen i Hordaland har stadfesta vedtak i Fjell kommunestyre den 26. mai i år der områdereguleringsplan for Rv Sotrasambandet, Kolltveit - Bergen grense, vart godkjend. Departementet har delegert myndigheita som klageinstans til Fylkesmannen, og vedtaket til Fylkesmannen er endeleg og kan ikkje klagast på.

Skisse Statens vegvesen
Skisse Statens vegvesen


Det kom inn sju klager frå enkeltpersonar på kommunestyrevedtaket. I denne saka låg det ikkje føre motsegn mot planen frå fylkeskommunen eller aktuelle statlege organ. Vilkåra for at planen kunne eigengodkjennast frå kommunen var dermed til stades.

Ei av klagene går på at framtidig bru vert planlagt for sporbunden trafikk og at det finst eit alternativ for ny veg frå Sund kommune til Flesland. Andre har klaga på at eigedomen deira vert råka av prosjektet. Det er også klaga på utforminga av tilkomstveg og gang/sykkelveg frå Bildøyna til Straume.

Fylkesmannen viser mellom anna til at reguleringsplanen har vore gjennom ein lang prosess og at alternative løysingar og korridorval er vurderte i prosessen. Når det gjeld eigedomar som vert råka av prosjektet, vert det vist til at grunneigarane sine interesser vert tekne opp gjennom grunnervervsprosessen.

Her kan du lesa brevet frå Fylkesmannen.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 04.01.2017 09:24
Sist endret: 04.01.2017 09:31