Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnehagedag og opning av ny leikeplass

Tysdag den 14. mars var det markering av Barnehagedagen i heile landet. Barnehagedagen er ei årleg markering der barnehagene opnar dørene for andre, for å visa og synleggjera aktivitetane i barnehagen. Tema i år, var leik og betydninga leiken har for venskap. Undersøkingar viser at det barn sjølv trekkjer fram som det viktigaste for trivselen deira, er leik og det å ha vener å leika med.

Opning av ny leikeplass i Tussetjødna barnehage ved Ernst Einarsen (leiar for komitè for drift og forvaltning)
Opning av ny leikeplass i Tussetjødna barnehage ved Ernst Einarsen (leiar for komitè for drift og forvaltning).

Endringar i kvardagen

Vi i Tussetjødna barnehage har gjort endringar i kvardagen vår, for å leggja til rette for meir leik i løpet av dagen. Blant anna et barna frukost når dei kjem i barnehagen om morgonen, og slepp då å bli tatt ut av leik for å gå til felles frukost på eit gitt tidspunkt. I tillegg har vi, så langt som mogleg, skjerma tida mellom klokka 09.30 og 11.30 frå telefoner og møte, slik at både små og store kan få tid og høve til å vera engasjert i tema, frileik eller ting som opptar oss i kvardagen. Dette ser vi barna har stor glede av.


Stor stas med ny leikeplass.

Markering av barnehagedagen

Sjølve Barnehagedagen valde vi å markera med opning av vår nye uteleikeplass, som er blitt fantastisk flott. Denne er verkeleg blitt utforma med tanke på leiken til barna og inspirerer til både motorisk utfalding, til rolleleik og det å knyta venskaplege relasjoner. Leikeplassen blei høgtideleg opna av Ernst Einarsen (leiar for komité for drift og forvaltning), og til stades var også barnehagesjef Margunn Landro og prosjektleiar Jan Sem-Olsen. Ikke minst var alle barna og foreldra her. Barna framførte songen «En liten kylling i egget lå», som vi også framførte med teikn til tale, og songen «Vestlandet», der vi syng om kor stolte vi er ved å vera frå og bu på Vestlandet.

Dette vart ei flott og høgtideleg markering, både av Barnehagedagen, med leik i fokus, og den flotte uteleikeplassen vi nå har her i Tussetjødna barnehage:)

Fotogalleri

Komitèleiar Ernst Einarsen opna den nye leikeplassen i barnehagenKomitèleiar Ernst Einarsen og barnehagesjef Margun Landro fekk styre skutaUnderhaldning med barn og vaksne i Tussetjødna barnehageLeik i sandkassaStor stas med ny leikeplass i barnehagenBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplassBarnehagedag og opning av ny leikeplass

Tekst: Ann-Kristin Bogstad
Foto: Hege Magnussen


Publisert: 16.03.2017 07:49
Sist endret: 16.03.2017 08:23