Facebook ikon Twitter logo Print side

Bebuarane på Kvednatunet møter vaksne ungdom

Anna kvar fredag kjem ungdom og deira støttespelarar til Kvednatunet. Dei lager til ei magisk stund for våre bebuarar.

Eldre og ungdom i lag på Kvednatunet

Fem til ti ungdom kjem her med vaffelrøre, songhefte, pianist og masse engasjement. 24/7-senteret har gjennom prosjektet «Eldrevenn» fått til eit svært vellykka treff. Målet med prosjektet er å fremja psykisk helse, spreie livsglede og gode opplevingar for våre eldre.

Ungdommen får sjølv fremma si psykisk helse, dei får arbeidserfaring og lærer om arbeidslivet. Det er og eit mål å skape engasjement for omsorgsyrket, og at nokre av ungdommane vel det som yrke i framtida. Vi ser at ungdommen blir både begeistra og rørt av å få hjelpe våre bebuarar. Ansvarleg leiar for 24/7, Annette Lilletvedt, har god regi på samlinga – men syter for at det er ungdommane og dei som bur her, som er i føresete.

Tekst: Tonje Alvsvåg Tangen, Styrar på Kvednatunet


Publisert: 15.03.2018 14:44
Sist endret: 15.03.2018 15:01